Hopp til innhold

Kjempar for bygde-Noreg

Høgres 1. kandidat i Nord-Trøndelag, Lars Myraune meiner vi treng levande bygder i Noreg.

Dronning Sonja blir mottatt på Tautra av ordfører Lars Myraune

Dronning Sonja blir tatt i mot på Tautra av ordførar Lars Myraune.

Foto: Jøte Toftsaker

– Dei neste fire åra vil eg kjempe for ei oppatbygging av lokaldemokratiet, færre sentrale avgjerder og fleire levande bygder i Noreg, seier Lars Myraune til NRK Trøndelag.

Kva har vore avgjerande for ditt partivalg?

– Heilskapspolitikken, dei langsiktige linjene, trua på og fridomen til enkeltmennesket og samstundes kravet til det å vere ansvarleg, seier Myraune.

Gode kompromiss

Før Høgre er det viktig med ansvar og gode kompromiss i valet av samarbeidspartnarar dei neste fire åra.

Helst vil Lars Myraune samarbeide med dei partia som gir størst mulegheit for Høgre til å føre partiets eigen politikk.

Han vil helst ikkje samarbeide med dei som gir Høgre dårlege mulegheiter til å få gjennom det som er partiets viktigaste kampsaker

"Det sure eple"

Høgrepolitikaren er innstilt på at han må bite i det sure eple og gå for bompengar i Trøndelag, viss ikkje det er muleg å finansiere vegutbygginga på nokon annan måte.

Meir eller mindre rovdyr i Trøndelag? Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

– Definitivt mindre rovdyr i Trøndelag. Dessutan skulle jeg gjerne sett at vi hadde lokal forvaltingsstyresmakt, seier Myraune.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Om innbyggarane går inn for det har eg ingen merknadar, men ei tvangssamanslåing har eg ikkje sansen for. Her der det så mange faktorar som betyr mykje for eit velfungerande samfunn og som dei fleste som går inn for samanslåing ikkje tek med i vurderingane.

Send epost til Lars Myraune
Møt Lars Myraune på Facebook