Hopp til innhold

Ap vil legge ned Namsosbanen

Arbeidarpartiet i Namsos vil legge ned jernbanen mellom Overhalla og Namsos. Dei vil ha meir transport frå bane til veg.

Namsosbanen
Foto: Heidi Rian

Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Namsos, Morten Stene vil ha transport over på veg:

- Å køyre gods nordover frå Namsos, for så å sende det sørover det blir bakvendt. Vi meiner vi må få ei erstatning for at banen blir nedlagt, slik at vi får rusta opp Riksveg 17. For det er ei viktig ferdselsåre mellom Namsos og Steinkjer. Jernbanen er ei tapt sak i Namsos.

 

Ubrukt i årevis

Det er fleire år sidan det siste godstoget køyrde frå Skogmo i Overhalla til Namsos. Strekninga er ikkje rydda på fleire år, og Jernbaneverket vil legge den ned. Det vil koste over 100 millionar å ruste den opp.

- Bør rustast opp

Det finst framleis jernbaneentusiastar i Namsos. Ein av dei er ordførar Kåre Aalberg frå SV. Han trur auka tømmertransport og ny gruvedrift i Indre Namdal kan gje jernbanen ei ny framtid:

- Det er store volum-mengder, og dei bør fraktast på jernbane. Det bør vere mest mogleg kortreist på land. Vi har ei fantastisk havn i Namsos. Det betyr at dette bør sjåast i samanheng, og ikkje berre med eit pennestrøk kvittere ut Namsosbanen for framtida.