«Snakker til hjertet» og «Løftes til nye høyder». Slik er dei trønderske avisoverskriftene for omtalane av Spelet om Heilag Olav, som hadde premiere onsdag.
I Klassekampen er tonen ein anna:
«Når teksten ikkje held mål, hjelper det diverre ikkje med allverdas gode musikk, regissørar, skodespelarar og spektakulære opptrinn», skriv Amund Grimstad, nesten unnskyldande.
Han meiner utgangspunktet frå diktar Olav Gullvåg er dårleg, og at årets regissør, Marit Moum Aune, ikkje har klart å redde stykket.
«Gullvåg målar ut eit mangefasettert bilde med ei rekke ulike historier, men greier aldri å samle trådane, og det blir ei fortelling som saknar både dramaturgi og ein bærande idé», skriv Grimstad i Klassekampen.
Ueinige om språk
Trønderavisa fyller framsida med eit emosjonelt bilete av kongen (Henrik Mestad) og Gudrun (Heidi Gjermundsen Broch). Journalist Guri Hjulstad meiner stykket i år er nærare enn før, og at det vekker assosiasjonar til den norske reaksjonen på 22. juli.
På eitt punkt er ho likevel ikkje heilt nøgd. Stykket har i år gått tilbake til si originale språkdrakt: Nynorsk med trøndersk uttale. Det gir ein bittersøt klang i ørene til Hjulstad:
«Av og til blir det så nært og lokalt som det skal, mens det innimellom stenger for. Når Gudrun sier: Æ e så reidd! så åpner det for følelser som strømmer rett inn i ryggmargen, mens det innimellom føles knotete og fremmedgjørende med en blanding av nynorsk og trøndersk.»
Her er NRK P2-kritikaren heilt ueinig. Karen Frøsland Nystøyl let seg begeistre av det store, flotte anlegget på Stiklestad, og spesielt av språket i årets spel:
– Det var veldig fint å høyre på. Eg merka det på publikum etterpå, det var det store samtaleemnet. Det verka som det var ei stoltheit knytt til dette, seier Frøsland Nystøyl.
Hyller det visuelle
Hærtroppar skrid inn blant publikum og kongen rir over vollane i majestetisk natur. Samspelet mellom forteljinga og uteområdet får ros frå alle kantar.
«Det visuelt velykkede forsterkes av et perfekt samspill med det naturgitte i scenofrafi og lyssetting», skriv Martin Nordvik i Adresseavisen.
«For det er verkeleg ei spektakulær oppsetting. Fleire hundre statistar, imponerande koreografi, nydeleg scenografi, eit stort og dyktig orkester og eit like stort og godt mannskor, velregissert spel, storslagne ryttarscener, og ikkje minst vissa om å vere på historisk grunn», skildrar Grimstad i Klassekampen.
Kva synest du om Spelet? Diskutér under!