Hopp til innhold

Her kjem Grønningenparken

Skiløpar Harald Grønningen får ein eigen park kalt opp etter seg i heimkommunen Agdenes.

Harald Grønningen

Her skal det bli ein park til ære for den olympiske meisteren.

Foto: Ståle Yttrehus / NRK

– Eg syns det er fantastisk at dei hugser på ein gamal skiløpar som har trivdes i Agdenes. Det kom brått på meg, men eg syns det var veldig artig og set stor pris på det, seier Harald Grønningen til NRK.no.

Statue og paviljong

Parken, som skal heite Grønningenparken, skal byggast i sentrum av Lensvik.

Den skal innehalde ein paviljong der det kan framførast musikk og haldast torgaktivitetar. I tillegg skal det settast opp ei statue av Harald Grønningen sentralt i parken.

Parken skal etter planen stå ferdig før neste sommar.

– Det er svært skjeldan nokon får ein park oppkalla etter seg. Fleire får statue, men ikkje park, seier ein glad og stolt 76-åring.

To OL-gull

Harald Grønningen på seierpallen etter 15 km i OL i Grenoble 1968

Harald Grønningen på sigerspallen etter 15 km i OL i Grenoble 1968.

Foto: NTB / Scanpix

Harald Grønningen deltok i samtlege VM og OL i perioden frå 1960 til 1970. Han tok i alt fem olympiske medaljar i løpet av karriera si. To gull og tre sølv.

I tillegg sikra han seg eit VM-gull og eit VM-sølv og heile ni NM-medaljar.

I alt har han gått 737 skirenn og fått både kongepokalen, Holmenkollmedaljen og Olavstatuetten.

Bygger utan lån

Grønningenparken er framleis på teiknebrettet. Men den er vedtatt utbygd og er ein del av eit større prosjekt i Lensvik.

– Vi har investert tre firedelar av budsjettet til kommunen. Agdenes er den kommunen i regionen som har minst lån per innbyggar, seier ordførar Oddvar Indergård.

Kommunen set opp eit nytt fleirbrukshus, pussar opp det gamle samfunnshuset og symjehallen. Dette har ein bruttokostnad på 45 milionar kroner og ein nettkostnad på 25 millionar kroner for kommune.

– At vi gjer dette utan å ta opp lån, syns eg stadfester at vi har kontroll, seier Indergård.

(Artikkelen held fram under bildet)

Flerbrukshuset i Lensvik

Det nye fleirbrukshuset i Lensvik.

Foto: Ståle Yttrehus / NRK

Eige museum

I fleirbrukshuset som nyleg opna, er det sett av plass til eit spesielt føremål.

Harald Grønningen får ikkje berre sin eigen park i sentrum. Han får også ei fast utstilling basert på bragdene og merittane sine.

– Det er veldig artig for meg at alle premiane mine blir ståande i bygda i staden for at dei skal vere nedpakka i kasser rundt om kring, avsluttar Grønningen.