Ti tonn med rock'n'roll song gutane i Stage Dolls i 1984. Bandet blei starta året før og no 20 år etter har dei selt opp mot 300 000 plater berre i Noreg, i utlandet om lag det same.
To fulle Lerkendal
Stage Dolls fekk platinaplata for samlealbumet Good Times som kom ved juletider. Dei tre medlemmane i Stage Dolls, Torstein Flakne, Terje Storli og Morten Skogstad var ydmjuke etter å fått provet på at dei har selt over 40 000 album. Dette var stort, seier Torstein Flakne:
- 40 000 selte er jo to fulle Lerkendal Stadion, og det er ganske mange plater.
Stage Dolls hadde sin største epoke på åtti-talet:
- Den gongen selte vi veldig mange plater. I tillegg fekk vi sjansen til å turnere mykje. I dag er vi veldig glade for at vi har vore så levedyktige og at Stage Dolls har vart så lenge, seier Flakne.
Tøft program
Stage Dolls har selt ut kommande konsertar både på Rockefeller i Oslo, i Bergen, Stavanger og Kristiansand. 6. september er det 20-års jubileumskonsert i Trondheim, og då skal Trondheim Spektrum fyllast:
- Vi skal greie det Joe Cocker ikkje greidde, nemleg å fylle Trondheim Spektrum med 4 000 tilskodarar. Det kjem til å bli ein kjempefest, fortel Flakne.