Sjukehuset vart i hovudsak bygd med midlar gjeve av den amerikanske kunstmålaren
William Henry Singer jr. og kona Anna Spencer Brugh Singer, som budde i Olden. Bak avgjerda om å byggje eige sjukehus for Nordfjord låg ein klassisk sjukehusstrid. Bakgrunnen var fylgjande:
Utanom tuberkuloseheimane fanst det på 1920-talet berre eitt vanleg sjukehus i Fjordane: Røde Kors-sjukehuset i Florø. Men kapasiteten der var liten, og på slutten av 1920-talet fekk overlegen ved sjukehuset, Johan Yttri, utarbeidd ein plan for eit nytt, stort ”sentralsjukehus” for Fjordane i Florø.
|
Olav Monsson vart ein viktig kontaktperson for Singer og sjukehusbygginga på Nordfjordeid. |
Ordførarsvik vekte harme
I fylkestinget støtta også sju av ti ordførarar frå Nordfjord denne sjukehusplanen. Dette vart sett på som eit svik av nordfjordingane, som meinte at Nordfjord burde få sitt eige sjukehus. Det vart starta ei folkerørsle i fjorden, og det vart starta pengeinnsamling til eit eige Nordfjord-sjukehus, m.a. gjennom kollekt i Nordfjord-kyrkjene. Det var denne stemninga Singers nære ven og rådgjevar i Olden,
Rasmus Yri, kjende så vel til då han fann allierte på Nordfjordeid: Som lokal postopnar i Olden hadde Yri postmeisteren på Nordfjordeid, Olav Monsson, som overordna. Dei to kjende kvarandre. Gjennom Monsson fekk Rasmus Yri kontakt med krigskommissær
John Myklebust , som ikkje var sein å be då han augna sjansen til å verte introdusert for Singer i Olden.
Singer-pengar frå Florø til Eid
På eit møte mellom William H. Singer, Rasmus Yri og John Myklebust i 1930 vart strategien lagt: Nordfjord skulle få sitt eige sjukehus, og finanisert i hovudsak av Singer. Singer ynskte av ein eller annan grunn at sjukehuset ikkje vart bygd for nær heimen sin i Olden. Difor tok han med opne armar imot tilbodet frå Myklebust og Monsen om sjukehustomt i Prestemarka på Nordfjordeid. Singer hadde tidlegare gjeve dokter Yttri lovnad om 70.000 kroner i pengestøtte til bygging av nytt sjukehus i Florø, men trekte desse pengane tilbake og lova i staden 100.000 til nytt sjukehus på Nordfjordeid. Dette vekte sjølvsagt harme i Florø, og i Sunnfjord vart det sett i gang pengeinnsamling for å bøte på tapet av ”Singer-pengane”.
Sjukehuset som privat stifting
Ei eiga stifting dreiv Nordfjord Sjukehus frå 1936 til 1949, då fylket tok over. Sjukehuset vart utvida austover med 24 senger i 1949. Det vart ombygd og utvida både i 1976 og 1987.
|
Byste av Hans Chr. Wennevold utanfor sjukehuset. Foto: Ottar Starheim. |
Legekrise og fakkeltog
Hans Chr. Wennevold var overlege frå starten i 1936 og til 1968. Ingen stad i fylket vart sjukehusstriden kring 1970 meir beisk og hard enn på Nordfjordeid. Striden toppa seg då ein gresk lege, Constantine Lygonis, vart henta frå Færøyane og tilsett som overlege ved sjukehuset i 1970. Sjukehuset hadde då lenge lidd av mangel på legar og sjukepleiarar. Lygonis sette i gang oppussing av sjukehuset og kjøpte mykje nytt utstyr utan at han hadde full klarering for dette i sjukehusstyret som var leia av dåverande ordførar Per Roti.
|
Constantine Lygonis |
Kravde at økonomisjefen sa opp
Lygonis kom på kant med både Roti og økonomisjef Klara Engeland ved sjukehuset for dette, men vart tilsvarande populær i folkeopinionen og lokalpressa for tiltaka sine. Men han kravde Engeland bort frå sjukehuset, eller så flytta han. Framståande menn på Nordfjordeid kravde i brev til Engeland at ho skulle seie opp stillinga si for å hindre at Lygonis flytta. Ho kjende seg pressa til å seie opp, men fekk sterk støtte frå fylkesmann Schei og fylkesutvalet, og trekte difor oppseiinga si tilbake. Rabalderet førde også til at Per Roti vart kasta som ordførar i Eid, og varaordførar Lars Myrold frå same parti, Senterpartiet, tok over ordførarklubba. Men kort tid etter desse hendingane fann Lygonis det mest fornuftig å pakke saman og forsvinne frå Nordfjordeid.
Satsing på psykiatrien
I 1983 kom Psykiatrisk Poliklinikk, og i 1991 sto Nordfjord Psykiatrisenter ferdig. Bygningsmassen i sjukehus m.m. er 23.000 kvadratmeter, og institusjonane har over 200 tilsette.
I 2007 vart den første sengeposten for rusmisbrukarar i fylket bygd ved psykiatrisenteret på Nordfjordeid.