|
Lærdal sjukehus. (Foto: NRK) |
Medan fylkespolitikarane i mellomkrigstida førde endelause diskusjonar om struktur og lokalisering av sjukehus, så løyste både Nordfjord, Høyanger og Lærdal floken kvar for seg - men på ulike måtar:
I Nordfjord vart
Nordfjord sjukehus reist med pengar frå den styrtrike amerikanaren William Singer i Olden. I Høyanger bygde Norsk Aluminums Company (NACO) og
NACO-sjukehuset.
I Lærdal vart den lokale helseheimen omskapt til eit moderne lokalsjukehus takka vere den innsatsen distriktslege Rolf Christophersen gjorde. Han kom som distriktslege til Lærdal i 1922, og hadde ansvaret for kommunane Lærdal, Borgund og Årdal. Det var ei dagsreise å kome fram til sjuke i anleggsleirane i Årdalsfjella, og næraste sjukehus var i Bergen. Mange døydde på veg dit.
Christophersen såg kor fortvila situasjonen var, og starta innsamling til bygging av sjukehus. Han fekk inn 85.000 kroner frå private og offentlege institusjonar, og i 1930 kunne det nye sjukehuset opnast. Sjølv hadde Christophersen teke tilleggsutdanning slik at han var budd på oppgåva som overlege. Lædal sjukehus hadde 18 senger for tuberkuløse og 20 senger på kirurgisk avdeling.
På 1960- og 1970-talet vart Sogn og Fjordane kasta ut i ein bitter sjukehusstrid der også framtida til Lærdal Sjukehus sto på spel (sjå:
Sjukehusstriden 1967–1972.) I 1984 vedtok fylkestinget å bygge ut og modernisere sjukehuset i Lærdal. Utbygginga var ferdig i 1987, og kronsprinsparet Harald og Sonja opna nybygget.
Sidan 1965 har
Hjelpepleiarskulen i Lærdal hatt tilhald på sjukehuset.
|
Første byggesteg på fylkessjukehuset i Lærdal ein gong mellom 1914 og 1930. (Foto © Fylkesarkivet) |