Før kraftreguleringa av den mektige Svelgsfossen starta i 1917 var det både sagbruk og kvern under fossen.
Oppgangssaga under Svelgsfossen er kjend heilt tilbake til midten av 1600-talet. Sagbruka gjorde seg nytte av tømmeret i Svelgsdalen ovanfor fossen, men det var mødasamt å få tømmerstokkane ned dei stupbratte berga. Difor var det ikkje lett å få lønsemd ut av skogsdrifta.
Erik O. Nord frå Nordfjordeid bygde i 1820 sagbruk i Svelgen. Han kjøpte m.a. store skogeigedomar i Svelgsdalen frå gardane på Sande. Som oppgjer for handelen fekk bonden på Sande, Erik Augustinussen Sande, 10 spesidalar og ei stoveklokke som den nevenyttige Erik Nord hadde laga sjølv. Uret var eit åttedagarsur og taksert til 20 spesidalar.
Erik Nord starta hogst i Sørdalen. Men etter ei tid klaga Erik Sande på at klokka ikkje gjekk som den skulle. Enden på visa var at Erik O. Nord gav opp prosjektet sitt i Svelgen, og skogen i Sørdalen gjekk tilbake til Sande-bruket i 1840.
I tillegg til å byggje klokker og drive sag i Svelgen, dreiv Nord også som smed og børsemakar, og hadde verkstader både på Løken i Eid, i Osmundsvåg i Vågsøy og i Volda. Han eigde også ei tid det gamle handelssetet på Bryggja ( sjå
Handelsstaden Bryggja). Erik O. Nord vart vald til stortingsmann hausten 1814, og var med i delegasjonen som forhandla med kong Carl Johan i Stockholm og unionsvilkåra.
Ny sagbruksdrift i Svelgen
I 1856 selde Erik Augustinussen Sande på nytt store skogteigar i Svelgsdalen, denne gongen til landhandlar Hans Hansen frå Kinn, Willoc L. Svaasand frå Strandebarm og Thor H. Ødegaard frå Kvinnherad. Dei bygde skogsvegar og hus på Sande for seg og arbeidsfolka. Men skogsdrifta oppe frå den høgtliggjande dalen var tungvint, og dei tre gav seg truleg etter få år.
Hans P. Aardal frå Kjølsdalen kjøpte på 1860-talet store skogområde i Svelgsdalen og dreiv trelasthandel med sag under Svelgsfossen. Men i staden for heste- og handemakt som forgjengarane hadde brukt, nytta Aardal no demningar og renner for å få tømmeret ned til fjorden. Han leigde inn arbeidsfolk både frå heimekommunen Davik og frå Gulen i Sogn.
Kring 1900 bygde Aardal ny sag ved Svelgsfossen og ei taubane til å frakte tømmer ned og utstyr opp dei bratte hamrane til dalen. Saga var i drift til A/S Bremanger Kraftselskap starta kraftutbygginga i fossen i 1917.
Hans P. Aardal selde elverettane sine i Svelgsdalen til overrettssakførar
Kristian Faye og skipsreiar Wilhelm Torkildsen for 16.000 kroner i 1912.
- Ein annan nordfjording som leide store skogteigar i Svelgsdalen med tanke på tømmerdrift, var Hans Jakobson Rake frå Loen. Han leigde i 1878 og for 10 år ein stor skogteig frå Peder A. Sande.