|
Sorenskrivargarden. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
I 1865 gjorde sorenskrivar Georg Martin Hiorth ein ny handel med Opplysningsvesenets Fond.
Fylkesmannsgarden på Nybø hadde han kjøpt tidlegare og selt vidare, men denne gongen var det ny embetsgard for sorenskrivaren det var snakk om.
Mesteparten av denne sorenskrivareigedomen hadde tidlegare høyrt til garden Halland.
Her vart det bygt ein staseleg embetsbustad for "skrivaren" ved at ein bygde til to sidefløyer på eit eldre hus som stod i tunet, truleg bygt i 1820. Skivargarden står framleis slik han vart bygt i 1866. Då sorenskrivaren flytta til Sogndal, vart embetsbustaden omgjort til kontor for offentlege etatar.
Knapt noko tre på Vestlandet viser så godt att i terrenget som den mektige "Skrivareiki" på sorenskrivargarden på Systrond.
Tinghusa vart reiste på Halland
I 1938 kjøpte Leikanger kommune ein del av garden og bygd det første av tre "tinghus" (sjå:
Tinghusa i Leikanger) som i mange år skulle huse både fylkesadministrasjonen og kommuneadministrasjonen, samt sparebanken.
Tinghus I stod ferdig i 1939. I 1954 bygde kommunen Tinghus II med påbygg i 1967, og i 1963 Tinghus III.