|
(Foto © Anders Nedland Røneid) |
På tvangsauksjonen etter konkursen til Hanna og
Peter Johan Fretheim i 1897, kjøpte Arnanda Knutsen hotellet på Hermansverk saman med ei prestedotter frå Lærdal, Henriette Schielderup.
Arnanda og Henriette stod sjølve føre hotelldrifta på Hermansverk fram til 1902. Då gifta Henriette Schielderup seg med ein vegingeniør og flytta frå bygda.
Arnanda Knutsen med støtte frå resten av Knutsen-familien løyste Henriette Schielderup ut og vart eineeigar av hotellet, som no vart kalla Leikvang Hotell.
I 1904 gifta Arnanda seg med handelsreisande Hans Palludan Smith Schreuder frå Bergen og flytta til by'n. Ho leigde bort hotellet på Hermansverk i nokre år til systrene Spangelo frå Lærdal, men selde i 1907 hotellet til bergensaren Gerhard Michael Daae (1868-1933). Han eigde også gjennom arv:
Skysstasjonen og handelssetet Sveen i Bygstad. Men Daae vart hotelleigar berre ei kort tid, for i 1910 flytta han til ein annan slektsgard:
Kapteinsgarden Måren, og kjøpte denne av broren fire år seinare.
Ny Knutsen-kvinne tek over hotellet
No var det brordottera til Arnanda Knutsen - Magda Johanne Knutsen (1890-1928) - som tok over Leikvang Hotell. Ho var dotter til den seinare omtala kjøpmannen Albert Knutsen - sjå:
Kjøpmanns-greina i familien Knutsen.
Hotellet vart no drive som pensjonat fram til det vart lagt ned i 1918. Då kjøpte fabrikkeigar
Halvard Drægni bygningen og fleire eigedomar ikring for å byggje ny, stor saftfabrikk. Det gamle hotellet nytta han til kontor og hyblar for tilsette.
Seinare har huset også vorte nytta til bank, frisør, drosjesentral, kiosk og ungdomsklubb. Kommunen kjøpte huset i 1991, men selde eigedomen til Skald Eigedom AS i 2000, som har restaurert bygget i den gamle sveisarstilen. Ein stor del av bygget er sidan nytta som kontor for
Skald Forlag.