(1904-1994) frå Voll. Kunstmålar.
Torstein Hillestad
(1905-1977) frå Borgund. Kommunefunksjonær, småbrukar og Arbeidarparti-politikar. Kommunekasserar i Borgund 1939. Kommunekasserar og formannskapssekretær i Hafslo kommune (no i Luster kommune) 1943-1946. Frå 1964 jordstyresekretær i Lærdal. Medlem av Borgund kommunestyre i 30 år, derav 4 år som ordførar. Vararepresentant til Stortinget 1954-1957.
(1906-1990) frå Lærdalsøyri, busett seinare på farsgarden i Borgund. Rutebilsjåfør, bonde, og den andre frå Sogn og Fjordane som tok flysertifikat i 1935.
(1908-1999) frå Frydenlund, oppvaksen i Borgund, seinare busett på Hønefoss. Forfattar.
(1909-1980) frå Lærdal. Forsyningsinpektør, partisekretær og Arbeidarparti-politikar.
Kristian Johansen Kullerud
(1911–1940) frå Røyken. Gardsarbeidar og soldat. Deltok i kampane i april-dagane 1940 og var i ferd med å sprengje Borlaug bru då han vart drepen i eit tysk bakhald den 30. april 1940 saman med tre andre.
Harry Hansen
(1913–1940) frå Asker. Fabrikkarbeidar og soldat. Deltok i kampane i april-dagane 1940 og var i ferd med å sprengje Borlaug bru då han vart drepen i eit tysk bakhald den 30. april 1940 saman med tre andre.
Anders Olsson Lunden
(1913-1993) frå Borgund. Snikkar og Arbeidarpartipolitikar. Medlem i Borgund kommunestyre og varaordførar frå 1945. Ordførar 1958-1964 i Borgund, og etter kommunesamanslåinga i Lærdal kommune 1964-1975. Medlem av fylkestinget 1958-1979. Lunden spela ein aktiv rolle for å få bygd ut kraftressursane i Lærdalsvassdraget på 1970-talet.
(1916-2002) frå Frønningen, busett i Oslo. Biletkunstnar, målar og grafikar.
Kåre Vestgård
(1916–1940) frå Nord-Odal. Soldat. Deltok i kampane i april-dagane 1940 og var i ferd med å sprengje Borlaug bru då han vart drepen i eit tysk bakhald den 30. april 1940 saman med tre andre.
Jens Stenberg
(1918–1940) frå Søndre Land. Skogsarbeidar og soldat. Deltok i kampane i april-dagane 1940 og var i ferd med å sprengje Borlaug bru då han vart drepen i eit tysk bakhald den 30. april 1940 saman med tre andre.
Dagmar Storås
(1918-1995) frå Askøy, busett på Lærdalsøyri. Organisasjonskvinne og Arbeidarpartipolitikar. Medlem av komunnestyre og skulestyreleiar i ein lang periode. Hadde framståande tillitsverv i Norges Husmorforbund, og der ho også var landsleiar.
(1919-1997) frå Stødno. Bonde og Senterparti-politikar.
(1920-2005), frå Eri. Bonde og Senterparti-politikar.
(1921-1995) frå Måløy, busett i Lærdal og Sogndal. Realskulestyrar i Lærdal og høgrepolitikar.
Kristian Nedberge
f. 1921 i Aurland, busett på Lærdalsøyri. Forretningsmann og hotelleigar. Starta møbelforretning, kafe og overnatting i ei brakke i Habben like etter 2. verdskrig. Her fekk han fyllt ut 15 dekar tomt og bygde forretning og pensjonat, seinare utvida til 70 senger i 1969, og til Fjordstuen Hotell i 1974 med 190 senger.
Ola Olsson Breistøl
f. 1921, frå Lærdalsøyri. Jurist, administrasjonssjef og seinare første rådmannen i Lærdal kommune 1958-1988. Før det hadde han privatpraksis som advokat 1952-1956 og var kommunekasserar 1956-1958.
Raymond J. Brooks
(1922-1991) frå Cheshire England. Tekstilfabrikant. Leigde frå 1960-talet og utover store fiskerettar i Lærdalsdelvi som han dreiv vidare utleige av. I 1975 bygde han og kona Margit ein større eigedom på Ljøsne. Er m.a. kjend for å ha komponert den kjende laksefluga "Brooks fly".
f. 1922 i Ål i Hallingdal, busett på Seltun. Bonde og Senterpartipolitikar. Utdanna på husstellskule og sjukepleiarskule.
Sigurd Fretland
f. 1923 i Sogndal, busett i Lærdal. Bonde og byggmeister. Starta som byggmeister tidleg på 1950-talet, og bygde etterkvart opp det som er Fretland Bygg A/S med 19 tilsette 17 millionar kroner i omsetning i 2001. Fretland har m. a. hatt fleire store byggeprosjekt i Lærdal, som sjukehus, hotell, hamneanlegg og skular. Han har hatt ei rad kommunale verv, m.a. som varaordførar. Far til
Jan Olav Fretland.
Martin Ove Søvik
f. 1925 i Vaksdal, busett på Lærdalsøyri. Siviløkonom, bankmann og idrettsmann. Banksjef i sparebanken i Lærdal frå 1960 til 1992, og styremedlem i Sogn og Fjordane Sparebanklag i mange år. Aktiv friidrettsmann som ung med 20 krinsmeistertitlar frå Hordaland, deltaking i landskampar, og sølv og bronse frå NM. Vart tredobbel meister i militær-NM 1947.
Kristi Hjermann
f. 1926 i Lærdal. Bondekone og organisasjonskvinne, særleg i Nasjonalforeningen for Folkehelsen. Her var ho m. a. fylkesleiar i mange år og nestleiar på landsplan 1981-1985, ein del av tida som fungerande leiar. I hennar leiartid fekk lokalllaget i Lærdal starta heimehjelp for eldre og gjort opptaket til alders- og sjukeheimen. Gift med
Per S. Hjermann.
f. 1926 i Nord Aurdal, busett på Lærdalsøyri. Teleingeniør og lokalhistorikar.
f. 1926 på Ljøsne, busett i Bærum. Professor i pedagogikk, internasjonalt kjend som forskar kring barn med psykiske lidingar.
(1928-1980) frå Lærdalsøyri. Overlege ved Lærdal sjukehus frå 1966, då han overtok stillinga etter far sin, "sjukehusbyggjaren" Rolf Ingemann Christophersen.