Kyrkjer
Sjå omtale av kyrkjene under "
Kyrkjer i Lærdal", hotella i dalen og på Lærdalsøyri under "
Gjestgjevarstader i Lærdal". Hovudhuset på Rikheim er omtala under "
Storgarden Rikheim". Husa på Kapteinsgarden er omtala under "
Kapteinsgarden på Ljøsne".
Husmannsplassen i Galdane
|
(Foto: Ole Fretheim © Vest Vision) |
Husmannsplassen frå 1600-talet i den stupbratte lia ved Galdane vekkjer merksemd hjå turistane. Drifta tok slutt i 1947, men både hus og kulturlandskap ikring er teke vare på og verna. Den dyrka jorda er gjort flatare med høgde steinterasser, og åkerlappane var sjeldan større enn 10-20 kvadratmeter. Orienteringsskilt er sett opp ved europavegen.
Våningshuset på Uppigarden
Våningshuset på Uppigarden, Voll er den tidlegare hovudbygningen på Frønningen-godset. Det vart bygd der av Hans Lem i 1745 og flytta til Voll i 1900. Huset har 2 fulle etasjar.
Kornmagasinet på Øvrevoll
I samband med Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet bygde Staten eigne kornmagasin kringom på bygdene for at bøndene skulle vere sikra såkorn i krisetider. I Sogn og Fjordane vart det bygd slike kornmagasin i Lærdal og på Nordfjordeid (sjå
Erik O. Nord). Då trongen for kriselager vart mindre, vart kornmagasina selde og inntekta vart brukt som grunnfond ved skiping av lokale sparebankar. Dette skjedde både med
Nordfjord Sparebank og Lærdal Sparebank. Det gamle kornmagasinet som opphaveleg stod på Magasinhaugen på prestegarden, vart selt og tener no som stabbur på garden Øvrevoll på Tønjum.
Prestegarden på Tønjum
Hovudhuset på prestegarden på Tønjum vart bygd i 1819-1820. Huset har gjennom tida vorte sterkt ombygd, men er no freda. Prestegarden låg i gamal tid på nordsida av Lærdalselva, og garden på Tønjum vart truleg prestegard tidleg på 1600-talet.
|
"Gamlebanken". (Foto: NRK) |
"Gamlebanken"
Det gamle bankbygget til Lærdal Sparebank (bygd 1925 ved den tidlegare busshaldeplassen ) og ungdomshuset lengre aust (bygd 1922) er begge teikna i såkalla klassisistisk stil av Bergens-arkitekten Johan Lindstrøm. Inngangspartiet og andre bygningsdetaljar har antikke tempel med søylar og gavlar som førebilete. Lindstrøm har også teikna fleire ungdomshus, m. a. på Hermansverk i same stil. Gamlebanken vert no nytta til m.a. turistinformasjon, kulturkontor og kulturskule, og ulike historie-utstillingar.
Omlegg 300 meter aust for sentrum ligg eit gamalt villastrøk for "kondisjonerte" som kallast Einemo. Her finst mange gamle bygningar med historisk sus over seg:
Brattegjerdet
I Brattegjerdet ligg eit stort, kvitmåla hus med vid ark, truleg bygd kring 1850. Huset vart bygd av sokneprest Hannibal Winsnes (1801-1861), men vart i 1877 kjøpt av sakførar, seinare statsminister
Othto Albert Blehr og kona
Randi Blehr. I den korte tida dei budde i Lærdal, starta Venstre-avisa "Sogns Tidende", og Randi starta eit banebrytande kurs i biletveving.
Einemo
Ligg som naboeigedom til Brattegjerdet, og var kommandantgard for Det Lærdalske Kompani frå 1802 til 1825, då kommandanten flytta over til
Kapteinsgarden på Ljøsne. Lensmann Claus Rumohr som 1896-1907 leigde bort storgarden sin på Rikheim til jordbruksskule (sjå "
Jordbruksskulen på Rikheim"), bygde eige hus på Einemo.
Doktorbustaden
på Brattegjerdet vart bygd som privatbustad av kjøpmann Johan Møller ca. 1831. Huset var doktorbustad i 120, og frå 1956 rekonvalesentheim før fylket kjøpte eigedomen med innbo og kunstgjenstandar i 1971 for å huse
Hjelpepleiarskulen i Lærdal, starta i 1965. På eigedomen har skulen sidan bygd anneks med undervisningsrom og hyblar.
Hansegarden
vart bygd av snekkar Jan Lund frå Bergen i 1840 for den rike handelsmannen, ordføraren m. m.
Jan Henrik Nitter Hansen. Jan Lund budde i Lærdal 1838-1858, og samarbeidde mykje med den dyktige bygdesnekkaren Anders Bondehagen. Huset er bygd som eit typisk "byhus" med karakteristiske trekk frå Bergens-stilen, med utsmykka portal og flott ommramming av ovnane. Overlege
Per Jerving kjøpte eigedomen i 1974 og restaurerte huset, som no er freda.