|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Lærdal: Randi Blehr | Oppstad-veven blir synt fram på ei vevutstilling i Florø i 1999. (Alle foto: Ragnvald Søgnesand, NRK) |
Randi Blehr (1851-1928) frå Bergen. Husflidspionér og kvinnesakskvinne. Publisert 15.01.2002 11:20. Oppdatert 12.03.2002 11:58.Gift med seinare statsminister Othto Albert Blehr som ei tid praktiserte som sakførar i Lærdal. Ekteparet budde også ei tid på Norfjordeid og på Bruland i Førde.
Randi Blehr var medskipar av Norsk Kvindesaksforening og var leiar i 1895–1899 og 1903-1922. I denne posisjonen var ho ei av dei fremste i kampen for at norske kvinner skulle få røysterett, innført i 1913. Ho var medlem av Norsk Husflids Venner, og i tida i Lærdal gjorde ho ein stor innsats for å berge den norske biletvevtradisjonen, som då var i ferd med å døy ut. Ho fekk kontakt med Kjerstina Vangsnes, som tilnærma kunne den eldgamle norske biletvevteknikken. I 1889 starta Randi Blehr vevskule med 47 elevar i Lærdal med Kjerstina Hauglum som lærar. Ein av elevane var Frida Hansen frå Stavanger som seinare vart den mest kjende norske biletveverska, med internasjonalt ry. I Lærdal lærte Frida Hansen oppstadvev der veven vert lik på begge sidar, og fekk konstruert vevstolar som høvde for biletvev, og leia 1897-1906 Det norske Billedvæveri.
Sjå også: Vevkurset som berga norsk vevkunst.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|