|
Dampen ved kai i Lærdal i 1915. (Foto © Fylkesarkivet) |
Fylkesbaatane - skipinga av Nordre Bergenhus Amts Dampskibe i 1858 er i historisk perspektiv framleis det viktigaste vedtaket som er gjort av fylkestinget i Sogn og Fjordane: - Fylkesbaatane knytte fjord- og kystbygder til Bergen med faste ruter og revolusjonerte samferdsla også innanfor fylket. Dei gjorde det m.a. mogeleg å få selt ferske landbruksvarer i Bergen, og opna for ei ny og lønsam næring: Turismen.
På Lærdalsøyri budde to av dei som skulle gjere opptaket til skiping av det fylkeseigde dampskipsselskapet.
Den eine var amtmann Michael C. Aubert i Nordre Bergenhus, og den andre var den mektige handelsmannen på Lærdalsøyri,
Jan Henrik Nitter Hansen. Dei allierte seg med ein annen stor "samfunnsbyggjar", sokneprest
Harald Ulrik Sverdrup i Balestrand.
|
Skipingsmøtet var i gamle tingstova i Førde. |
Skipa i Førde
På ekstra møte i amtsformannskapet i tingstova i Sjøahola i Førde den 27. november 1857 vart Fylkesbaatane skipa. Det første skipet, "Framnæs", vart sett i rute på strekninga Bergen-Lærdalsøyri. Opningsturen gjekk 2. desember 1858.
Kai og pakkhus i Lærdal
|
Kong Olav V talar til dei frammøtte på kaien på Hermansverk under jubiléet for Fylkesbaatane i 1958. (Foto: Norsk Film/NRK) |
I 1864 vart gjestgjevar og handelsmann Jørgen Chr. Lindstrøm dampskipsekspeditør. Han bygde kai og pakkhus på Habben, der hovudkaia i Lærdal ligg idag. Seinare vart det bygd kafé og overnattingsplass på Habben, der folka på ekspedisjonen også vaska skittentøy for rutebåtane.
Stopp på Frønningen
Godseigar Lem på
Frønningen fekk ordna med stopp av Fylkesbaatane på Frønningen heilt frå starten av den første Sogneruta i 1858.