Harald Ulrik Sverdrup (1813-1891) fødd på Jarlsberg hovudgard i Vestfold, busett i Balestrand. Prest og politikar.
Arbeid som prest
Cand. theol. 1837, amanuensis ved Universitetsbiblioteket 1837-1845. Res. kap. i Leikanger 1845, og frå 1849 sokneprest i Balestrand, då Balestrand vart skild ut som eige prestegjeld. Her var han prest til 1883.
Forfattar
I 1864 gav han ut ei omarbeidd utgåve av Pontoppidans forklaring, som i likskap med Sverdrups øvrige prestegjerning var prega av ortodoks kristendom, kombinert med ei pietistisk farga vekkingsfromheit som gjorde han til ein omtykt mann i dei lågkyrkjelege krinsane på Vestlandet.
Sjuk i 1853
Sverdrup fekk i 1853 ein halssjukdom som gjorde at han resten av prestetida fekk ein "hjelpeprest" til å halde preikene for seg.
Dreiv planteforsøk
Han budde på prestegarden på Lunde, der han m.a. planta ei mengd framande vekstar og fruktsortar. Mange reknar prestegarden på Lunde som den første "forsøksstasjonen" for frukt i Sogn.
Lokalpolitikar
Han var første ordførar i Balestrand kommune 1849-1879, og fekk skipa Balestrand Sparebank i 1847.
Medskipar av Fylkesbaatane
Saman med amtmann
Michael Conrad Sophus Emil Aubert og kjøpmann
Jan Henrik Nitter Hansen, som begge budde på Lærdalsøyri, gjorde han opptaket til skipinga av
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1857, og var styremedlem i selskapet fram til 1883. Minnestein over skiparane av Fylkesbaatane er reist ved kaia i Balestrand.
På Stortinget
Stortingsrepresentant 1851-1857, 1859-1860, 1862-1863, 1865-1866, 1868-1869 og 1874-1876.
Bror til Venstre-grunnleggjaren
Gjennom heile sitt politiske liv hadde Harald Ulrik Sverdrup eit nært samarbeid med broren Johan Sverdrup (1816-1892). Johan Sverdrup skipa partiet Venstre, fekk innført parlamentarismen og vart statsminister. Dei to arbeidde aktivt for å få innført ålmenn røysterett ved kommunevala.
På god fot med arbeidarrørsla
Sjølv om Sverdrup som prest var ortodoks, var han som fersk politikar radikal nok til å stå på god fot med Noregs første "arbeidarrørsle" - sjå
Thrane-rørsla og Lærdal. Han sto m.a. oppført på Marcus Thranes "ministerliste" frå 1851. Seinare vart han meir moderat, og tok avstand frå sine tidlegare radikale vener.
Korridorpolitikar
På grunn av halssjukdomen var Sverdrup lite på talarstolen, men spela ein sentral rolle i Stortings-komitear og som "korridorpolitikar". Han spela m.a. ved fleire høve ein meklarrolle i spørsmål kring unionen med Sverige.
På kant med Jaabæk-tilhengjarane
Harald Ulrik Sverdrup kom etter kvart på kant med Søren Jaabæk sine "bondevener", og ved valet i 1870 sytte bondevenene i fylket føre at han ikkje vart attvald til Stortinget. Dette sette også bom for broren sine planar om å gjere han til statsråd i eit "overgangs-ministerium".
Ny runde på tinget
Men Harald Ulrik Sverdrup kom inn att på Stortinget i 1874, og sat til sonen
Jakob Liv Rosted Sverdrup avløyste han i 1876. På Stortinget engasjerte Harald Ulrik Sverdrup seg sterkt i skulepolitikk. Takka vere hans innsats, vart skulelovene av 1860 basert på pedagogen Hartvig Nissens idear om kommunalt sjølvstyre i skuleverket.
Harald Ulrik Sverdrup var også far til teologiprofessor
Johan Edvard Sverdrup. Sjå også om svigersonen
Eirik Olson Bruhjell.