Det første meieriet i Askvoll
vart skipa 1899 og dreiv til 1910. Meieriet var eit andelsmeieri med 35 medlemer. Etter dette var Askvoll utan eige meieri i lang tid. Bøndene organiserte smørlag, kinna heime og lokale kjøpmenn syrgde for vidare leveranse til Bergen.
Meieri i Holmedal og Rivedal
Bygdene Holmedal og Rivedal hadde sine eigne meieri:
Rivedal Meieri vart skipa i 1908, og Holmedal Meieri i 1924. I Holmedal starta det i eit lite trebygg, men i 1934 vart det bygd eit større meierianlegg. I 1951 slo Holmedal og Rivedal seg saman til eitt meieri.
|
Siste dagen det vart leveret mjølk til Rivedals meieri. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune |
Bergensmeieriet
Etter 2. verdskrig fekk Bergensmeieriet fotfeste i Askvoll-distriktet: Då starta det innveging av mjølk, som vart send fersk til Bergen.
I 1957 bygde Bergensmeieriet eit relativt stort meieri i Askvoll sentrum. Anlegget tok imot mjølk frå heile dåverande Askvoll kommune og heilt nedover til Øen krins i noverande Hyllestad.
I 1962 vart meieriet i Holmedal lagt ned og slege saman med Askvoll. Bergensmeieriet la ned Askvoll-meieriet i 1974 og samla produksjonen frå leveringsdistriktet sitt kring Dalsfjorden til Bygstad Meieri i Gaular.
Dåverande direktør i Bergensmeieriet hadde ambisjonar om å gjere Bergensmeieriet til eit av landets største konsern for matproduksjon og -distribusjon. Det vart bygd stor konservesfabrikk i Lærdal som skulle få råstoff frå kontraktdyrkarar i Sogn, og "gamlemeieriet" i Askvoll vart bygd om til foredlingsanlegg for fiskeprodukt. M.a. vart det produsert røykelaks og lagt ned lodderogn, men produksjonen lønte seg ikkje og vart lagt ned i 1979.
Askvoll kommune kjøpte den gamle fabrikkbygningen, som m.a. husa tinnstøyperiet Askvoll Brug. Denne verksemda flytta etter kort tid til Krøderen på Austlandet, der den har gjort stor suksess med produksjon av eksklusive prydartiklar i tinn.
Kommunen selde etter ei tid meieribygget i Askvoll til private, og sidan har bygget husa ei mengd ulike forretningar og småbedrifter.