Her er det m.a. funne flint og steinøkser i diabas frå
Steinaldergruva på Stakaneset i Flora. Også i Naustdal sentrum, Horne, Gryta og Horsevik er det gjort funn frå eldre steinalder. På Engebø er det funne restar etter stolpehus og fast busetjing frå ca. 1800-1000 f. Kr.
På Sæla vart det funne ei branngrav frå eldre jernalder, der beinrestar, ei bjørneklo, leirkar o.a. var samla i ein bronsekjele.
På Veien er det funne fire gravhaugar med ymse våpen.
I ei kvinnegrav til Naustdals-garden vart det funne ringar og spenner i bronse, og tøystykke som viser at folket har hatt samband med andre land.
Eit av dei mest verdfulle fornfunna var ein spiralforma gullring prydd med slangehovud, funne i Ospeteigen i Naustdal. I 2004 vart det funne restar etter to store naust i Naustdal sentrum. Truleg har desse nausta husa store leidangskip.
I 2007 vart det avdekt byggetufter frå vikingtida i Løken i Naustdal. Funna viser overgangen frå eitt felles langhus for folket og dyra på garden, til oppdeling i spesielle hus for bustad, dyr og avling.
Dei fleste historikarar reknar med at ei stormannsætt som rådde i Fjordane på 900-talet hadde tilhald på Naustdal i Eid (sjå
Storfolk på Naustdal), og ikkje i Naustdal i Sunnfjord.