|
Møte i kommunestyret i Naustdal. |
Ved innføringa av formannskapslovene i 1837 vart Førde prestegjeld delt i to kommunar: Førde, som omfatta sokna Holsen, Førde og Naustdal - og Vevring sokn, som vart eigen kommune.
Vevring kommune omfatta bygder på begge sider av Førdefjorden: På nordsida frå og med Redalen og Helleneset i aust til og med Horne i vest. På sørsida av fjorden frå og med Hestvik i aust til og med Flokenes i vest.
Johannes Skorven var første ordførar i Vevring kommune 1838–1857. Vevring kommune vart delt mellom Naustdal og Askvoll ved kommunereguleringa i 1964: Bygdene på sørsida av Førdefjorden gjekk til Askvoll, og dei på nordsida til Naustdal.
|
Gunder B Thune var fyrste ordførar. |
I ”storkommunen” Førde var prokurator
Andreas Gunnerus Lind første ordførar 1838–1840. I 1887 sette Mathias Veien og Daniel Horstad seg i spissen for kravet om å skilje ut Naustdal sokn som eigen kommune frå Førde. 100 naustedøler skreiv under kravet, som m.a. var grunngjeve med lange reiseavstandar til Førde. Fylkestinget støtta kravet. Amtmannen gjekk imot, og det same gjorde departementet. Men då lausrivingskravet vart reist på nytt i 1894, gjekk det lettare, og Naustdal vart eigen kommune frå 1. januar 1896. Gunder Thune var første ordførar 1896-1907.
I 1902 bygde kommunen kombinert kommune- og skulehus i Naustdal. I 1973 vart det nye kommunehuset teke i bruk.
Ved kommunereguleringa i 1964 gjekk bygdene på sørsida av fjorden til Førde – d.v.s. bygdene frå og med Furevik i aust til og med Hellevang i vest.
Naustdal kommune grensar idag mot Flora kommune frå Svortevik til Ramsdalsheia, mot Gloppen kommune frå Ramsdalsheia til Longevasshytta, mot Jølster frå Longevasshytta til Kupefjellet, og mot Førde frå Kupefjellet inst i Angedalen til Førdefjorden i stranda vest for Kvieneset.