Firda og Sygnafylkets Avis
Mons Litleré flytta til Bergen og gav m.a. ut ”Firda og Sygnafylkets Avis”, som vart forkorta til ”Firda” (ikkje den same
Firda som no kjem ut i Førde). Avisa gjekk inn i 1893.
”Bygdebladet”
vart starta av
Arne Eliasson Sølvberg m.fl. som bygdeblad for Naustdal kring 1930. Sølvberg dreiv Naustdal Prenteverk, og var redaktør for ”Bygdebladet”, som gjekk inn då krigen braut ut i 1940.
vart gjeve ut i Naustdal frå 1919 til kring 1926.
Sogn og Fjordane Magasin
vart grunnlagt av
Åsmund Berthelsen m.fl. i 1980. Magasinet vart gjeve ut fram til 1989, og trykte m.a. novellar og dikt av forfattarar i Sogn og Fjordane, og hadde også artiklar med lokalhistorisk innhald. Bertelsen dreiv også Sogn og Fjordane Forlag i same periode. Endra namn til Vestlandsforlaget, drive fram til 2001.
Radio Naustloftet
vart skipa som nærradio for Naustdal kommune i 1988 med Ola Kringlen som redaktør dei fire første åra. Etter at Førde nærradio (sjå
Aviser og media i Førde) gjekk konkurs i 1995, overtok Radio Naustloftet nærradiokonsesjonen for sendingar i Førde.