Johan Sebastian Friis, presteson frå Førde, kjøpte i 1843 først Naustdals-garden av Mads Boge Martens, og tok seinare over handel og gjestgiveri. Frå 1859 vart han den første dampskipsekspeditøren i Naustdal for Fylkesbaatane.
Svigerson til Friis,
Henrik Gundersen, var husmannsson frå plassen Naustdalslia. Han vart dampskipsekspeditør i 1879, og tok over handel og gardsbruk i 1885. Han utvida verksemda med mølle og fargeri ved Naustdalsfossen, der han eigde elverettane på vestsida. Seinare bygde han òg ein snekkarverkstad der det arbeidde 13 personar, m.a. med produksjon av pinnestolar. Verkstaden brann i 1902, og vart ikkje bygd opp att.
Hølen under Naustdalsfossen er kjend som ein av dei beste fiskeplassane for laks på Vestlandet. Frå gamalt vart laksen teken med not og kjær/laksegarde i hølen og fossen, men på slutten av 1800-talet vart den populær blant engelske ”lakselordar”. I 1899 kjøpte Henrik Gundersen eit to-etasjes trehus i Bergen og bygde det opp som hotell i Naustdal. Huset hadde 12 overnattingsrom, der Gundersen hadde laksefiskarar i fullpensjon i sommarhalvåret. Elles i året vart huset leigd ut til bryllup og andre lokale tilstellingar. ”Hotellet” vart rive i 1970.
I 1910 bygde Henrik Gundersen kraftverk i Naustdalfossen, Kraftverket forsynte 5 husstandar. Han hadde nok større planar om fleire abonnentar, men vart utkonkurrert av kraftverket som kom i Hovefossen i 1918, og som hadde støtte både frå bank og kommune. Kraftverket til Gundersen var likevel i drift til 1956.
Familien Friis Gundersen eig framleis lakserettane under Naustdalfossen, og driv utleige av hus til laksefiskarar.