- Høgre får svi for at vi ikkje har teke Frp på alvor, seier fyrstekandidat for Høgre, Mathias Råheim, etter det skuffande valresultatet.
Av
Lars Petter Degnepoll
|
Mathias Råheim Foto: Heidi Lise Bakke, NRK |
Han seier veljarane har straffa Høgre for å ikkje ville formalisere samarbeidet med Frp.
Det er tid for ettertanke Høgre no. Med berre 8,4% oppslutnad gjekk dei tilbake heile 4,4 prosentpoeng frå førre stortingsvalet. Mykje av dette trur Råheim dei har tapt til Framstegspartiet.
- Sympatistemmer
For fyrstekandidaten for Høgre seier det har vore svært vanskeleg å forklare veljarane kvifor ikkje Høgre har gått inn for eit formalisert samarbeid med Framstegspartiet. Konskvensen trur Råheim er at FrP har fått mange sympatistemmer frå veljarar som vil at Framstegspartiet skal takast på alvor.
Åge Starheim er samd med Råheim, han trur at veljarane no straffar Høgre for å ikkje ville samarbeide tettare med Frp.