- Svein Hansen har mista all tillit som leiar for Aksjonsgruppa for Nordfjord Sjukehus etter at han brukte sjukehusaksjonen i ei Frp-annonse. Det meiner gruppeleiar i Senterpartiet i Vågsøy, Reiel Fagerlid.
Av
May Helen Vik og
Kjell Arvid Stølen
Fagerlid kritiserer Hansen for det han kallar skivebom.
|
Frå fakkeltog for Nordfjord sjukehus. Arkivfoto Torje Bjellaas NRK |
Annonse for Frp
I helga gjekk Krf-politikar Johanna Nygjerd frå Stryn ut og kritiserte Svein Hansen for at han brukte sjukehusaksjonen i ei stor valkampannonse for Famstegspartiet i avisa Fjordingen.
- Brukt opp tabbekvoten
Og Reiel Fagerlid støttar ikkje berre opp om kritikken, men meiner dette går hardt utover Hansen sin tillit som leiar. For Fagerlid meiner at det er feil av Svein Hansen å likestille Frp-politikk med interessene til sjukehusaksjonistane. På bakgrunn av at Hansen tidlegare har måtta snu, blant anna i spørsmål om privatisering av sjukehus, meiner Fagerlid at tabbekvoten er brukt opp.
- Tydeleg bilete
Svein Hansen meiner jobben han har gjort for sjukehusa viser eit tydeleg bilete av kva han står for. Men han tek kritikken til etterretning.