skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Val 2005 S&F 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2005 Sogn og Fjordane Sist oppdatert 06:52
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100
6801 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42

Nordfjordkontor:
57 85 24 25
Sognekontor:
57 67 58 10

Distriktsredaktør:


 

Krisemåling for Råheim

Mathias Råheim og Høgre er i stadig tilbakegang, viser ei meiningsmåling Norsk Respons har gjort for Bergens Tidende.

Publisert 11.09.2005 10:39. Oppdatert 11.09.2005 11:33.
Av: Vidar Vie

Men det er fleire politikarar som har grunn til å bite negler. På målinga, som vart gjennomført mellom 8. og 10. september, får Høgre berre 7,6 prosent av røystene. Det er nesten fem prosent under oppslutnaden for fire år sidan. Samtidig er det ein tilbakegang på 2,5 prosentpoeng frå målinga som vart gjort i august.
Heller ikkje venstrevinden ser ut til å ha slått til i Sogn og Fjordane. Gunvald Ludvigsen får 3,5 prosent oppslutnad, og det er ein tilbakegang frå dei siste målingane.

Osmundnes på veg opp

Det einaste regjeringspartiet som går framover er KrF, og dei får 11,5 prosent oppslutnad på BT-målinga. Det er ein framgang på fire prosent i høve til målinga som vart gjort i august. Per Steinar Osmundnes er med andre ord i siget, sjølv om det er langt fram til valresultatet på 16,3 prosent for fire år sidan. Men det er verd å merke seg at KrF går like mykje fram som Høgre går tilbake.

Sikkert FrP-mandat

Åge Starheim liknar stadig meir på den første FrP-representanten frå Sogn og Fjordane. Partiet får 15,7 prosent oppslutnad, og har aldri tidlegare vore så stort tett oppunder eit val.

Det er likevel ein tilbakegang på 1,8 prosentpoeng i høve til augustmålinga. Spørsmålet er om Starheim opplever det forgjengarane har gjort; at veljarane går til andre når det blir alvor.

Tett for Grande Røys

Stortingsrepresentant Heidi Grande Røys og SV får 12,2 prosent på målinga. Det er tett på valresultatet for fire år sidan, og det er tett på dei tre siste målingane som er gjennomførte for BT. Det betyr kort og godt at ho får ein svært spennande valkveld.

I følgje målinga kjempar ho med andrekandidaten til Ap, Ingrid Heggø. Ap får 25,1 prosent oppslutnad på målinga. Det er ein tilbakegang på 1,7 prosentpoeng i høve til augustmålinga.

Fram for Sp

Det nest største partiet er Senterpartiet som går fram 1,8 prosentpoeng i høve til siste målinga og endar på 20,9 prosent. Både dei og Ap har ambisjonar om to mandat på Stortinget.

I følgje målinga er Reidar Sandal (Ap), Liv Signe Navarsete (Sp) og Åge Starheim (FrP) i langt best posisjon til å hamne på tinget. Heidi Grande Røys, Per Steinar Osmundnes og Ingrid Heggø kjempar om det fjerde mandatet, medan det er uråd å spå kvar utjamningsmandatet vil hamne.

Siste saker:
Siste saker:
Flere saker: ALT OM NORDFJORD
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SOGN
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNFJORD

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

- Sp størst sjanse til statsrådpostar

Senterpartiet i fylket ligg best an til å få ein statsråd i ei raudgrøn regjering. Det meiner valkommentator Knut Henning Grepstad.

Ap-samarbeid for posisjonar

Arbeidarpartiet i fylket vil samarbeide med dei andre arbeidar-partilaga på Vestlandet for å samordne kampen for posisjonar i den nye regjeringa. Det seier fylkesleiar Tor Bremer.

76,6% valdeltaking

76,6 prosent av dei røysteføre i Sogn og Fjordane røysta ved stortingsvalet. Det er 0,6 prosentpoeng betre enn ved valet for fire år sidan, men to prosentpoeng dårlegare enn ved valet for åtte år sidan.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Valresultat 2005

Her kan du sjå valresultatet for Sogn og Fjordane og kvar enkelt kommune i fylket.

Paneldebatt i NRK Sogn og Fjordane

Kampen om kven som skal representere Sogn og Fjordane på Stortinget har aldri vore jamnare. I ettermiddags-sendinga fredagen før valet var førstekandidatane samla til debatt.

Valquiz 2005

Kor mykje veit du om kandidatane våre? Her kan du teste deg sjølv. Valdagen trekkjer vi ut ein vinnar, og sender eit krus i posten.

Resultatet i BT-målinga

Her kan du sjå resultatet av augustmålinga til Bergens Tidende.

Kjendis-valkamp

Rolf Sanne-Gundersen Foto: NRK Kvifor bryr vi oss om meir eller mindre interesserte politikarar som reiser land og strand rundt med ein vag og uklar bodskap, spør kommentator Rolf Sanne-Gundersen.
  [NRK Sogn og Fjordane]

Frp-thriller i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane går det mot eit svært spennande val. Framstegspartiet kan få sitt første mandat nokon sinne.

Kva meiner partia?

Her kan du samanlikne kva partia meiner om dei viktigaste politiske sakene.

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no