skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Val 2005 S&F 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2005 Sogn og Fjordane Sist oppdatert 06:52
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100
6801 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42

Nordfjordkontor:
57 85 24 25
Sognekontor:
57 67 58 10

Distriktsredaktør:


 

Solberg garanterer ikkje for akutt-tilbod

Høgre-leiar Erna Solberg går imot helseministeren, og vil ikkje garantere for akutt-tilbodet ved lokalsjukehusa. Det kom fram då Høgre-leiaren var i Florø torsdag.

Publisert 02.09.2005 15:13. Oppdatert 02.09.2005 17:58.
Av Terje Gilleshammer og Brit Jorunn Svanes

Foto: Lars Petter Degnepoll NRK
Sjølv om helseminister Ansgar Gabrielsen i førre veka freda tilbodet ved lokalsjukehusa, vil ikkje Solberg gjere det same. - Det kan verte endringar ved nokre lokalsjukehus, seier ho.

Sterk kontrast

Dette står i sterk kontrast til det helseminister Ansgar Gabrielsen sa på ein debatt i Dagsnytt 18 i førre veke. Der fekk han eit direkte spørsmål frå Senterpartileiar Aslaug Haga.

- Eg garanterer at eg har ikkje til hensikt å leggje ned akuttavdelingar eller fødeavdelingar, om eg held fram i jobben, seier Gabrielsen.

På kollisjonskurs

Og utan tvil er helseministeren på kollisjonskurs med sin eigen partileiar i denne saka. - Vi skal halde opp ein god akuttberedskap for folk. Så får vi diskutere om det er den lokale akuttavdelinga, eller om det er å sikre gode tenester knytt til legevakt, ambulanse eller helikopter, seier ho.

- To tunger

Leiar i Senterpartiet, Åslaug Haga, meiner at det er oppsiktsvekkande at regjeringa taler med to tunger i ei så viktig sak. - Vi må får klarlagt kva regjeringa faktisk meiner, seier ho.

- Høyr på helseministeren

Foto©NRK
Førstekandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, Mathias Råheim, seier ein skal høyre på helseministeren i denne saka. - Eg held meg til det Ansgar Gabrielsen har sagt både offisielt og i privat samtalar med meg. Eg er overbevist om at det ikkje er Sogn og Fjordane det er snakk om.

Han seier at det offisielle synet til Høgre er det helseministeren seier. - Men eg ser ikkje nokon kollisjon mellom det han og Erna Solberg seier. Ho har ho peikt på kor viktig det er med ambulansetenester, og det er to sider av same sak, seier Råheim.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM VAL 2005 HØGRE
Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

- Sp størst sjanse til statsrådpostar

Senterpartiet i fylket ligg best an til å få ein statsråd i ei raudgrøn regjering. Det meiner valkommentator Knut Henning Grepstad.

Ap-samarbeid for posisjonar

Arbeidarpartiet i fylket vil samarbeide med dei andre arbeidar-partilaga på Vestlandet for å samordne kampen for posisjonar i den nye regjeringa. Det seier fylkesleiar Tor Bremer.

76,6% valdeltaking

76,6 prosent av dei røysteføre i Sogn og Fjordane røysta ved stortingsvalet. Det er 0,6 prosentpoeng betre enn ved valet for fire år sidan, men to prosentpoeng dårlegare enn ved valet for åtte år sidan.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Valresultat 2005

Her kan du sjå valresultatet for Sogn og Fjordane og kvar enkelt kommune i fylket.

Paneldebatt i NRK Sogn og Fjordane

Kampen om kven som skal representere Sogn og Fjordane på Stortinget har aldri vore jamnare. I ettermiddags-sendinga fredagen før valet var førstekandidatane samla til debatt.

Valquiz 2005

Kor mykje veit du om kandidatane våre? Her kan du teste deg sjølv. Valdagen trekkjer vi ut ein vinnar, og sender eit krus i posten.

Resultatet i BT-målinga

Her kan du sjå resultatet av augustmålinga til Bergens Tidende.

Kjendis-valkamp

Rolf Sanne-Gundersen Foto: NRK Kvifor bryr vi oss om meir eller mindre interesserte politikarar som reiser land og strand rundt med ein vag og uklar bodskap, spør kommentator Rolf Sanne-Gundersen.
  [NRK Sogn og Fjordane]

Frp-thriller i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane går det mot eit svært spennande val. Framstegspartiet kan få sitt første mandat nokon sinne.

Kva meiner partia?

Her kan du samanlikne kva partia meiner om dei viktigaste politiske sakene.

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no