Åge Starheim og Framstegspartiet fekk 34,3% av røystene i Selje, medan Høgre og Kristeleg Folkeparti gjorde eit svært dårleg val.
Av
Kjell Arvid Stølen
|
Åge Starheim Foto: Heidi Lise Bakke, NRK |
Det var venta at Framstegspartiet ville skåre høgt i heimkommunen til førstekandidaten, Åge Starheim, men over ein tredel av røystene må kallast eit brakval. Det er ein framgang på 12,9 prosentpoeng frå valet i 2001.
Ap og Sp fram
Arbeidarpartiet går fram 6,8 til 18,3%, og Senterpartiet fram 4,3 til 13,8%, medan SV går litt tilbake.
Stortap for H og KrF
Dei store taparane i Selje er Høgre og Kristeleg Folkeparti, som begge har ein tilbakegang på over 11 prosentpoeng, Høgre til 6,8 og KrF til 14,5%. Regjeringskollega Venstre har derimot ein liten framgang og hamnar på 4,5%.