Det vart eit historisk stortingsval for FrP i Sogn og Fjordane i år. Åge Starheim blir den fyrste på tinget frå Sogn og Fjordane i partiet si historie.
Av
Terje Gilleshammer og
Kjell Arvid Stølen
|
Åge Starheim. Foto Heidi Lise Bakke NRK |
Og Starheim var rørt over tilliten veljarane gav han. - Eg er takknemleg over at Sogn og Fjordane Frp har oppnådd det største målet fylkespartiet har sett seg, og som vi har arbeidd for i mange år, sa han då resultatet var klart.
Heldt heilt til mål
Framstegspartiet braut ei barriere i Sogn og Fjordane i år. Ved dei førre vala har gode meiningsmålingar blitt snudd til vonbrot valnatta. Når det kom til stykket hadde ikkje veljarane i Sogn og Fjordane tru på Frp. Men i år heldt det heilt til mål. Med 15,5 % oppslutnad gjorde dei eit brakval og gjekk fram heile 5,5%.
- Slutt på tida med bygdetullingar
Årsaka trur Åge Starheim er at dei no har ein organisasjon som må takast på alvor. Der dei tidlegare sleit med stempelet som bygdetullingar meiner Starheim dei no framstår som eit seriøst parti. - Det viktigaste er at vi har bygd opp ein organisasjon som består av dyktige og velskulerte personar som har lagt ned eit kjempearbeid. Vi har hatt klar tale som veljarane har forstått og vore samde i. Dette er årsakene til at vi har nådd målet vårt, sa Starheim, som altså blir historisk når han no tek plass på Stortinget.
Skår i gleda
Men midt oppi gleda over Framstegspartiet sitt fantastisk gode val er det raudgrøne valskredet eit stort skår i gleda for Starheim. - Eg er lei meg for det, og eg trur det norske folk blir endå meir lei seg når dei ser konsekvensane og skjønar at dei har valt feil, sa Åge Starheim.