skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Val 2005 S&F 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2005 Sogn og Fjordane Sist oppdatert 06:52
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100
6801 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42

Nordfjordkontor:
57 85 24 25
Sognekontor:
57 67 58 10

Distriktsredaktør:


 

- Nominasjonsstrid øydela for Høgre

Tidlegare fylkesleiar i Høgre i Sogn og Fjordane, Liv Stave, meiner striden rundt nominasjonen i partiet må ta sin del av skulda for det dårlege valresultatet - i alle fall her i fylket.

Publisert 13.09.2005 12:20.
Av May Helen Vik og Kjell Arvid Stølen

Liv Stave. Arkivfoto NRK
For splittinga som har vore innan partiet siste året har ikkje akkurat vore nokon fordel for Høgre. Det var strid i vår om Sverre Hoddevik eller Mathias Råheim skulle representere partiet som kandidat til Stortinget. Hoddevik, som hadde støtte frå Liv Stave, tapte kampen om topplassen. Striden sette sitt preg på partiarbeidet - og også valresultatet, meiner Liv Stave. Sjølv trekte ho seg som fylkesleiar etter nominasjonen.

Skuffande valnatt

Og sjølv om Stave venta eit dårlegare resultat var det likevel ei skuffande valnatt for henne. For Høgre fekk berre 8,4% oppslutnad i Sogn og Fjordane, noko som er ein tilbakegang på 4,4 prosentpoeng. - Men sjølv utan den indre striden hadde det vore vanskeleg å gjere valet betre, då Høgre også på landsbasis gjorde eit dårleg val, seier ho.

Stave er likevel klar på at partiet skal byggast opp att

Siste saker:
Flere saker: ALT OM VAL 2005 HØGRE
Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

- Sp størst sjanse til statsrådpostar

Senterpartiet i fylket ligg best an til å få ein statsråd i ei raudgrøn regjering. Det meiner valkommentator Knut Henning Grepstad.

Ap-samarbeid for posisjonar

Arbeidarpartiet i fylket vil samarbeide med dei andre arbeidar-partilaga på Vestlandet for å samordne kampen for posisjonar i den nye regjeringa. Det seier fylkesleiar Tor Bremer.

76,6% valdeltaking

76,6 prosent av dei røysteføre i Sogn og Fjordane røysta ved stortingsvalet. Det er 0,6 prosentpoeng betre enn ved valet for fire år sidan, men to prosentpoeng dårlegare enn ved valet for åtte år sidan.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Valresultat 2005

Her kan du sjå valresultatet for Sogn og Fjordane og kvar enkelt kommune i fylket.

Paneldebatt i NRK Sogn og Fjordane

Kampen om kven som skal representere Sogn og Fjordane på Stortinget har aldri vore jamnare. I ettermiddags-sendinga fredagen før valet var førstekandidatane samla til debatt.

Valquiz 2005

Kor mykje veit du om kandidatane våre? Her kan du teste deg sjølv. Valdagen trekkjer vi ut ein vinnar, og sender eit krus i posten.

Resultatet i BT-målinga

Her kan du sjå resultatet av augustmålinga til Bergens Tidende.

Kjendis-valkamp

Rolf Sanne-Gundersen Foto: NRK Kvifor bryr vi oss om meir eller mindre interesserte politikarar som reiser land og strand rundt med ein vag og uklar bodskap, spør kommentator Rolf Sanne-Gundersen.
  [NRK Sogn og Fjordane]

Frp-thriller i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane går det mot eit svært spennande val. Framstegspartiet kan få sitt første mandat nokon sinne.

Kva meiner partia?

Her kan du samanlikne kva partia meiner om dei viktigaste politiske sakene.

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no