|
Rolf Nesheim 100b.jpg |
Ordføraren i Leikanger, Rolf Nesheim, skuldar Sogndal for å ha teke til med storebrorfakter alt lenge før ei kommunesamanslåing mellom Sogndal og Leikanger er realisert.
Av
Idun Husabø Anderssen og
Jostein Nyfløtt.
Dette fordi Sogndal har bestemt seg for å halde folkerøysting våren 2004 i staden for i haust.
Nesheim kallar dette eit overtramp. Han meiner kommunane hadde ei klar avtale om å la veljarane seie sitt om ein ny storkommune i samband med kommune- og fylkestingsvalet til hausten.
Avviser kritikken
|
Jarle Skartun |
Ordførar Jarle Skartun i Sogndal avviser kritikken. Han seier at kommunestyret i Sogndal fann å måtte utsetje datoen for folkerøysting fordi det framleis er mykje som må avklarast. Han meiner hastverket til politikarane i Leikanger viser at dei ikkje tek samanslåingsspørsmålet på alvor.
Dødt prosjekt
Skartun går langt i å leggje heile samanslåinga død. – Dersom vi ikkje eingong kan semjast om eit avrøystingstidspunkt, tyder det på at denne forelskinga har kjølna, seier sogndalsordføraren.