I fylkestinget har partiet plassert seg i sentrum for den politikken som har vore ført, og vore med på mange vedtak som har vunne fram.
|
Comeback for Liv Henjum |
Bastion
Sogn og Fjordane har tradisjonelt vore ein sterk bastion for Venstre, og både Henjum og Lindvik har tidlegare mobilisert store mengder med røyster i sine heimkommunar. Sjølv om partiet slit fælt på landsplan er det ikkje utenkjeleg at dei nok ein gong kan gjere eit godt val i Sogn og Fjordane, men også dei slit med ryet dagens regjering har fått i distrikta og kommunane. (Sjå
Fylkesvalslista for Venstre.)
To ordførarar
I dag har dei ordførar i Balestrand og Leikanger. Rolf Nesheim blir garantert bytta ut i Leikanger, medan Åse Kari Einevoll i Balestrand har ein langt sterkare posisjon der.