|
|
|
Alt om valget i ditt distrikt:
|
|
|
|
|
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6800 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42
Distriktsredaktør
|
|
| |
|
Samleside: VAL 2003 I SOGN OG FJORDANE |
Arbeidarpartiet og Senterpartiet er vinnarane av ordførarvala i Sogn og Fjordane. Arbeidarpartiet har flest, med 11 ordførarar, medan Senterpartiet har ni.
Jenny Følling frå Senterpartiet blir ny ordførar i Gaular etter Per Kjelstad.
Jan Herstad, Senterpartiet, får fire nye år som ordførar i Naustdal. Harald Kvame, Høgre, vert ny varaordførar.
Aud Kari Steinsland frå Arbeidarpartiet blir ny ordførar i Askvoll. Varaordførar blir Bjørn Arne Mjåseth frå Senterpartiet.
Torodd Urnes frå Kristeleg Folkeparti blir ny ordførar i Luster, og Kjellfred Weum frå Senterpartiet ny varaordførar. Det vart dei borgarlege partia samde om i går kveld. Urnes blir dermed den første borgarlege ordføraren i Luster på 14 år.
Kvinnene får dei politiske topp-posisjonane i Jølster den komande fire-års perioden. Kari Støfringsdal frå Senterpartiet blir ny varaordførar. Frå før av er det klart at Gerd Dvergsdal (biletet) frå same parti blir ordførar.
John Kåre Larsen frå Solund vart i går historisk. Larsen er den første varaordføraren for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane nokon sinne.
Tidlegar Ap-politikar Marit Lefdal (biletet) reagerer kraftig på at tredjekandidaten til Arbeidarpartiet på fylkestinget, Cecilie Løvlid, ikkje fekk plass i fylkesutvalet.
Dei borgarlege partia i Luster har bestemt seg for å ta over makta i kommunen. Leiar for Senterpartiet, Per Birger Lomheim, seier at dei, KrF, Høgre, Venstre og Frp har avtalt at dei skal ha ordførar, varaordførar og to plassar i formannskapet.
Nordfjord sin 3. kandidat i Arbeidarpartiet i fylket får ikkje plass i det viktige fylkesutvalet, sjølv om ho ville ha den. Cecilie Thaule Løvlid frå Hornindal måtte i går vike for Harry Mowatt frå Hyllestad, som sto på 4. plass.
FLERE SAKER
|
|
|
| |
|