|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Stryn: Den store pesten 1655I åra 1664 og 1665 herja ein stygg pest som vart kalla ”blodsotta” i indre Nordfjord. På garden Hopland vert det fortalt at det julaftan 1654 berre rauk frå tre av dei i alt 10-11 stovene i det store tunet. Publisert 06.01.2006 14:20.
I sju-åtte stover var alle døydde eller låg døyande. I Innitun på Hopland døydde så mange på same tid at dei vart lagde i ei massgrav på den staden der Hoplands-kyrkja står i dag.
Ikkje hjelp i å gøyme segEi segn fortel at ein Hopland-mann var så redd pesten at han smurde heile kroppen inn med tjære og gøymde seg på naustlemmen. Likevel kom ”Pesta” på vitjing og bad om skyss over fjorden til Innvik. Som rorskar-løn skulle mannen få den æra å døy i sin eigen høgsetebenk, lova Pesta. Mannen rodde Pesta over fjorden, vart sjuk på heimvegen, og døydde – slik Pesta hadde lova – sitjande i sin eigen høgsetebenk på Hopland.
Ny sott i 1791Presterapportar frå same tid fortel at over 80 døydde av pesten i Gloppen, der det særleg gjekk ut over seks-sju gardstun i Breim. Lengre ut med fjorden døydde ni menneske på Isane og fem på Stårheim. I 1791 herja på nytt ”blodsotta” i Stryn. På Rygg i Oppstryn døydde sju menneske av sjukdomen. Mor og to vaksne døtre vart gravlagde same dagen.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|