vart grunnlagt i 1928 av bergensarane Nils Hertzberg (redaktør) og Finn Larsen (forretningsførar) saman med boktrykkjar Torleif Bergmann.
Kolbein sterke
heitte eit blad som vart gjeve ut av
Kornelius Sølvberg frå Blakset frå 1939 til 1947. Bladet tala først og fremst fråhaldssak og målsak. Frå 1947 til 1949 gav Sølvberg ut bladet ”Solsprett”.
”Småbrukaren”
To bureisarar på Fjelli,
Kornelius Sølvberg og
Anders M. Sølvberg, starta i 1949 eit eige medlemsblad for småbrukarane i Sogn og Fjordane og Hordaland; ”Småbrukaren”, med Kornelius Sølvberg som redaktør. Bladet gjekk inn etter to års drift.
NRK
hadde frå midten av 1960-talet til 1983 frilans kontaktmedarbeidarar i Stryn. Kontaktmedarbeidarar har vore Samund Bjørkedal, Egil Støle, Olden, og Eivind Skjerven, Stryn.
Bergens Tidende
hadde frå 1974 til 2000 avdelingskontor i Stryn med Gunnar Nygjerd, Olden som journalist.
Sunnmørsposten
starta avdelingskontor i Stryn i 1974. Journalistar har vore Inge Fænn (19 år), Bård Siem og Bengt Flaten.
Radio Stryn
nærradio for Stryn kommune, grunnlagt 1987 av Birger Meland, som var redaktør dei første fem åra. Nærradioen dekkjer også Hornindal kommune med eigne omformarar.