|
På skiltet på det gamle museumsbygget på Øvre Amla står det: "Det Heibergske Familiemuseum - Sogns Folkemuseum". Bygget inneheld i 2003 eit portrettgalleri. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Hans Knagenhjelm Heiberg vart korkje rådlaus eller motlaus av at heimen hans var ribba i 1852 (sjå:
Øvre Amla som bustad for amtmannen). Han sette i gang for å samle mest mogeleg av dei tapte familieklenodia tilbake til garden. Han skipa "Det Heibergske Portraitgalleri paa Amblegaard".
Men samleiveren gjekk langt vidare enn til å sanke tilbake det som var flytta frå garden, og til slutt var det fullt frå loft til kjellar.
I 1893 sette Hans Knagenhjelm Heiberg av midlar til "Det Heibergske Familiemuseum paa Amblegaard".
I 1897 tok
Gert Falch Heiberg over eigedomen, og vart ein endå meir ihuga samlar enn faren hadde vore. Han vart ein nær ven av museumsbyggjaren Anders Sandvig som skapte Maihaugen på Lillehammer. Sandvig var ofte med Heiberg når han reiste rundt i Sogn på samlarferd.
Museumhusa vert reiste
|
Gert Falch Heiberg. (©Fylkesarkivet) |
I 1905 bygde Gert Falch Heiberg ein stor museumsbygning i tunet på Øvre Amla. Der står det skore inn i veggen: "De Heibergske Familiemuseum - Sogns Folkemuseum" (sjå biletet øvst på sida).
I tillegg til fleire tusen gjenstandar, flytta Heiberg ei mengd gamle hus frå Sogne-bygdene og sette dei opp som museum like ved gardstunet. Det største var den gamle prestegarden frå Vik i Sogn (dette vart flytta og gjenreist etter at G. F. Heiberg var død).
Seinare vart det også reist eit stort hus for alle båtane som han hadde samla.
Stor reidskapssamling
|
Den gamle reiskapssamlinga på Amla er flytta til Kaupangerskogen, og dette gamle utstillingsbygget skal rivast. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Noko av det mest verdfulle frå Gert Falch Heiberg si tid er den store samlinga av gamle handverkar- og jordbruksreidskap. Dette er ei av dei største samlingane av slike reidskapar i Norden.
I 1909 vart Historielaget for Sogn skipa, og Heiberg overdrog samlingane sine til laget. Seinare fylkeskonservator
Svein L. Vold vart ein god hjelpar for Heiberg då han i 1937 vart tilsett som museumsassistent.
Både Gert Falch Heiberg sin son,
Hans H. H. Heiberg og sonensonen Gjert Heiberg har teke aktivt del i museumsdrifta og hatt leiande tillitsverv i museumsstyret.
I museumstunet på Øvre Amla stod dei gamle bygningane tett, og brannfåren var stor. På 1970-talet starta så flyttinga av museet til ei ny tomt på Kaupangerskogen. I 2003 har museet ei samling av kring 50 antikvariske hus og kring 50.000 gjenstandar. Biblioteket innheld 30.000 bøker.
Sogn Fjordmuseum ved ferjeleiet i Kaupanger inneheld samlingar av m.a. av eldre båtar og sjøbruksutstyr frå Sogn.