Cand. med. 1978, og spesialist i samfunnsmedisin 1987 og almennmedisin 2000. Nordisk korrespondansekurs i helseøkonomi på masternivå 1990, Forvarets Høgskole totalforsvarskurs 1998.
Arbeidde m.a. som lege ved Kongsberg sjukehus 1980-1983, distriktslege i Stryn 1983-1984 og som kommunelege og helsesjef i Hornindal frå 1984 til 1995, då han vart fylkeslege - sjå:
Fylkeslegen i Sogn og Fjordane.
Gjorde opptaket til "Kommunelege 1 - forum" i Sogn og Fjordane, og var leiar 1991-1995.
Øgar var kst. helsedirektør eit halvt år i 2000.
Mellom ei mengd offentlege tillitsverv har Øgar m.a. leia revisjon av den fylkeskommunale helse- og sosialplanen 1992 og det statlege Luftambulanseautvalet 1997-1998, og har vore redaksjonsmedlem for fagbladet "Utposten" - blad for almenn- og samfunnsmedisin 1993-1997.
Har stått sentralt i arbeidet med handlingsplanar for forebygging og behandling av type 2 - diabetes i regi av Norsk selskap for almennmedisin og Norges Forskningsråd.