SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Sogndal:

Kong Sverre

Sverre Sigurdsson (ca. 1150-1202). Norsk konge.

Publisert 01.11.2002 10:21. Oppdatert 21.11.2003 11:00.
Etter "Sverre-sagaen" var Sverre Sigurdsson fødd i Noreg, men vaks frå han var fem år gamal opp på Færøyane. Han var
mest truleg son av Gunnhild og ein Bergens-mann som heitte Unas, og det var bror til Unas, som var biskop på Færøyane, som fostra han opp. Sjølv hevda Sverre seinare at han var son av kong Sigurd 2. Munn (1134-1159), og at bestefaren såleis var kong Harald Gille (sjå også om denne i: Dronning Ingrid og Arne på Stodrheim). Denne påstanden om kongeleg byrd var grunnlaget for at Sverre då han vende heim til Noreg i 1176 og vart leiar for baglarane, gjorde krav på den norske kongetrona.

Væpna kamp for makta

Birkebeinarane sette Sverre inn som sitt kongsemne i 1177, etter at den tidlegare føraren deira, Øystein Møyla, hadde falle i eit slag på Re mot barnekongen Magnus 5. og faren Erling Skakke. I 1179 kom det til nytt slag på Kalvskinnet i Trondheim. Her vann Sverre over Magnus, og Erling Skakke fall. I eit nytt slag på Ilevollen i 1180 lei Magnus eit nytt nederlag for Sverre, men søkte støtte hjå sympatisørar på Vestlandet og Sørlandet og delvis i Danmark.

Slaget ved Fimreite

I 1184 kom det til eit endeleg oppgjer, då Magnus V Erlingsson og Sverre Sigurdsson møttest i slaget ved Fimreite. Her fall kong Magnus saman med 2.000 mann.

Kong Sverre brende Lusakaupang

Nokre månader før slaget ved Fimreite, hadde Sverre sendt ein hær til Sogn for å straffe bønder som hadde drepe nokre av lendmennene hans då dei jula 1183 hadde vore samla til gilde i Lusakaupang - dvs. noverande Kaupanger. Då sogningane ikkje innfridde ein lovnad om å betale kongen 15 gulldinarar, straffa han dei ved å brenne heile Lusakaupang og plyndre gardane i Sogndal.

Baglarbispen Nikolaus Arnesson

Men slaget ved Fimreite skapte ikkje fred i Noreg: Etter slaget, reiste fleire flokkar seg mot kong Sverre. Den mektigaste av desse vart Baglarane, leia av Oslo-bispen Nikolaus Arneson, som var fødd og oppvaksen på Stårheim i Nordfjord og høyrde til den mektige Stårheimsætta.

Bak bisp Nikolaus stod kyrkja imot kong Sverre, som utfordra det gamle kyrkjelege maktapparatet til føremon for eit meir nasjonalt styresett, der kongen stod over kyrkja.

Styrte frå Bergen

I 1194 hadde Sverre lete seg krune til norsk konge i Bergen. Her var også ein flokk bispar til stades. Kong Sverre utøvde sitt kongestyre frå setet sitt i Bergen. Under kong Sverre vart syslemannsstyret og ordninga med lagmenn bygt ut, og riket fekk også kanslar som kunne utferde kongebrev.

Bannlyst av Paven

Striden mellom kyrkja og den "radikale" kong Sverre enda med at kong Sverre og kongeriket hans vart lyst i bann av Paven i 1198, og bispane som hadde vore med på kruninga i Bergen, måtte røme landet.

Baglarane på frammarsj

Nikolaus Arnesson med sine Baglarar fekk kontroll over Vika - dvs. Oslofjord-området, seinare over Trøndelag, og i 1898 gjekk dei til åtak på kongssetet Bergen. Her øydela dei hærskipa til kong Sverre og dreiv han på flukt til Trøndelag. Baglarane fylgde etter, men i eit slag mot kongehæren på Strindfjorden i 1198 vann kong Sverre ein viktig siger over Baglarane. Han fylgde etter restane av baglarhæren til Austlandet, der dei etter 20 vekers beleiring på Slottsfjellet i Tønsberg overgav seg. Men kong Sverre døydde utan å ha kome til forsoning med kyrkja, og utan å ha fått bukt med dei opprørske Baglarane og bisp Nikolaus Arnesson.

Nilolaus kom til å spele ein sentral rolle i det norske maktapparatet heilt fram til han døydde i 1225.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no