Ingerid var svensk prinsesse, dotter til kong Ragnvald av Gøtaland.
Tvangsgifta som 11-åring
Ho vart i 11-årsalderen tvangsgifta med prins Henrik Svendsen Skadelår i Danmark. Ho fekk fire søner med Henrik Svendsen ”Skadelår”: Magnus (1126–1161) som vart konge i Sverige, Ragnvald (ca. 1128–1161) som vart svensk jarl, og Knut (ca. 1130–1162) og Buris (ca. 1132–1166) som begge vart hertugar av Slesvig. Henrik Skadelår vørde den unge ektemaken sin lite, og mykje tyder på at han var hard med henne.
Rømde med elskar
Etter nokre år lukkast Ingerid å rømme saman med ein elskar. Henrik Skadelår peika ut fetteren, Knut Lavard, som var hertug i Slesvig, som den ansvarlege for rømminga. Henrik Skadelår gjorde sidan alt for å drepe Knut Lavard, og det lukkast han med i 1131.
Mor til Inge Krokrygg
Etter at Ingerid vart skild frå Henrik Skadelår i Danmark, gifta ho seg med den norske kongen Harald Gille i 1134. Ingerid fekk dermed norsk dronningtittel. Harald Gille og Ingerid fekk sonen Inge Krokrygg (1135–1161) som seinare vart norsk konge. Harald Gille vart snikmyrda i 1136.
Son utanom ekteskap
Nokre år etter fekk Ingrid ein gut etter eit kjærleikseventyr med ein mann som heitte Ivar Sneis, utan at dei to var gifte. Ivar Sneis var truleg ein mann som hadde gods i Gudbrandsdalen, men var av lågare byrd enn dronning Ingerid. Guten deira fekk namnet Orm (ca. 1138–1184).
Tredje mannen også snikmyrda
Den tredje ektemaken til dronning Ingerid vart den mektige lendmannen Ottar Birting frå Trøndelag. Bryllupet mellom dei har mest truleg vorte halde i første del av 1140-åra. Men også den tredje ektemaken, Ottar Birting, vart snikmyrda, i 1146 eller 1147.
Til Nordfjord
Kring 37 år gamal gifta så dronning Ingerid seg for fjerde gong - no med lendmann Arne på Stodrheim. Arne skal også ha vorte kalla Arne Kongsmåg fordi han skulle vere gudfar og næraste rådgjevar til barnekongen Magnus Erlingson. Arne på Stodrheim og dronning Ingerid fekk tre søner: Inge (f. ca. 1148), Filippus Arnesson på Herdla (f. ca. 1152-1180), ”baglarbispen”
Nikolas Arnesson (f. ca. 1150–1225) og dottera
Margrete Arnesdotter ( f. ca. 1154). Sonen Filippus fall i slaget mot kong Sverre Sigurdsson på Ilevollen i Trondheim i 1180.
Dotterson vart konge
Dottera Margrete var mor til
Filippus Simonsson jarl (f.ca. 1180-1217) som vart vald til konge av baglar-flokken i 1207. Det var onkelen, bisp Nikolas Arnesson, som med støtte frå danskekongen Valdemar først gjorde ein mislukka freistnad på å få sett Filippus inn som konge i 1204, men då fall valet på Erling Steinvegg. Då Erling døydde i 1207, var turen komen for Filippus Simonsson til å overta kongetittelen.
Drukna etter birkebeinaråtak?
Dronning Ingerid omkom etter segna då ho som gamal hadde lånt bisp Nikolas sitt skip ”Bokskreppa” for ei reise til Bergen. På retur til Stårheim vart "Bokskreppa" angripen av birkebeinarar ved Rugsund. Skipet vart senka og dronning Ingerid drukna.
Men haldepunkta for denne dramatiske segna er svake.