Køyreveg frå Dalsøyra til Dale
vart bygt i 1860.
Vegen Brekke-Ynnesdal
vart påbyrja i 1899, men var ikkje ferdig før i 1928.
Veg Indre Oppedal-Ytre Oppedal
vart bygt i 1905.
Vegen Brekke og vestover
til Indre Hjartholm vart påbyrja i 1906, men ferdig først i 1936.
Ny køyreveg gjennom Eivindvik sentrum
var ferdig i 1924.
Vegen Dalsøyra-Dalsbygda
vart opna i 1926.
Vegen Kjellevold-Lund
vart opna i 1927.
Vegen Austgulen-Oppdalsøyri
vart bygt i 1928, i 1933 til Hauge.
Vegen Haveland-Nordgulen-Rutledal
vart utbetra under 2. verdskrig. I 1944 miste anleggsarbeidar Harald Tveit frå Nordgulen livet i ei arbeidsulukke på dette anlegget.
Vegen frå Dalsøyra til Eidsbotn
inst i Eidsfjorden og vidare til Halsvik vart opna i 1953.
|
Vegarbeid på gamlemåten i Gulen i 1955. (Foto © Fylkesarkivet) |
Hantveit
fekk vegsamband til Levra ved Leversund i 1955.
Vegen frå Glenja
ved Eidsfjorden og vest til Fivelsdal ved Brandangersundet vart opna i 1955. Den hadde vore under bygging sidan 1935. I 1968 vart vegsambandet nordover frå Fivelsdal opna, slik at bygdene Sellevåg og Furnenes fekk vegutløysing.
Vegen Rutledal-Brosvik
vart opna i 1959.
Vegen Nyhamar-Hjartås
på Hisarøy var ferdig i 1963, og frå Hjartås til Vilsvik i 1968.
1964 vart eit viktig år for landverts kommunikasjon i Gulen, for då vart fleire lokale vegar knytte saman til eit samanhengande riksvegnett ved at brua og Leversundet ved utløpet til Austgulefjorden vart opna.
Kommunesenteret Eivindvik får vegutløysing
Vegen Nordgulen - Eivindvik vart opna i 1966, etter at bygdefolket i Eivindvik hadde forskottert prosjektet. Dermed hadde kommunesenteret vegsamband til det samanhengande vegnettet som vart opna i 1964 og er omtala ovanfor.
Trafikk over Verklandshøgda
Frå 1966 gjekk ein stor del av trafikken nord-sør på Vestlandet mellom ferjeleia i Duesund og Brekke over Verklands-høgda.
Sygnefest
fekk veg til Brosvik og vidare Rutledal i 1968. Parsellen Sygnefest-Risa var ferdig i 1964.
Vegen Instefjord-Brekke
vart opna i 1969 - dvs. fire år etter at Brekke ferjekai vart opna.
Veg frå gardar til Ånneland
Gardane Sande, Kittelsvik og Skipavik på sørspissen av Sandøy fekk veg nordover til Ånneland i 1969.
Ikjefjordbrua
(340 meter) opna i 1977 og gjev vegsamband mellom Oppedal i Gulen og Bjordal i Høyanger.
Jernfjelltunnelen
(981 meter) på E 39 mellom Kringla og Haugsvær vart opna i 1989 - sjå:
E 39 mellom Sogn og Bergen.
Instefjord-Oppedal
på E 39 med Skrikebergtunnelen (1508 meter) opna 1990. - sjå:
E 39 mellom Sogn og Bergen.
Brusambandet Mjømna-Byrknesøy
med bru over tre sund vart opna på 1990-talet: Brua mellom Sandøy og Mjømna over Mjåsundet (219 meter) vart opna i 1992, og bruene over Nappsundet (142 meter) og Mjømnesundet (381 meter) som bind saman Byrknesøy med Mjømna, vart opna i 1997.
|
Mjømna (t.v.), Mjømnesundet ogh Risøya (bak t.h.) har no fått brusamband. Dette biletet er teke året før, i 1996. (Foto: Steinar Lote, NRK) |
Dingja–Eivindvik
vart opna i 2007, og dermed vart det samanhengande veg på ei rundkøyring frå Rutledal gjennom Dingja og til Eivindvik.
Europaveg 39 er hovudvegen på Vestlandet, og vann kampen som ein gong i tida stod med riksveg 13 over Voss-Vik om å verte stamveg i landsdelen. I dag går E 39 ferjefritt over den mektige Nordhordlandsbrua og gjennom flotte tunnelanlegg i Nordhordland og Gulen. Men stamvegsambandet etter ytre line hadde mange motstandarar før det endeleg vann fram.