SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Gulen og Solund:

Niels Griis Alstrup Dahl

I 1819 fekk Dahl bygt den staselege prestegarden like ved kyrkja i Eivindvik. Dette huset vert kalla
I 1819 fekk Dahl bygt den staselege prestegarden like ved kyrkja i Eivindvik. Dette huset vert kalla "Herresalen", vart lenge nytta som kommunehus, og tener i dag som bibliotek for Gulen. (Foto: NRK)
Nils Griis Alstrup Dahl (1779-1852) frå Kvinnherad, busett i Eivindvik i Gulen. Prest, opplysningsmann og politikar. Cand. theol. 1800 og residerande kapellan i Eivindvik i 1804, sokneprest same stad frå 1807. Prost i ytre Sogn frå 1823.

Publisert 18.09.2001 13:31. Oppdatert 01.02.2007 10:31.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Dahl var ein uvanleg tiltaksfør folkeopplysningsmann, og vart den mest aktive "potetpresten" som har levd i Sogn og Fjordane. Mange av tiltaka som han sette i verk, kosta han med eigne midlar.

Vekselbruk

Eit av dei viktigaste tiltaka var den store utskiftinga som Dahl fekk organisert i heile prestegjeldet sitt frå 1814 og utover - mange år før det elles vart gjort noko for å samle gardane og få den øydeleggjande teigblandinga ut av jordbruket.
Utskiftinga førte til at bøndene kunne drive vekselbruk, og at dei gjødsla og stelte jorda skikkeleg, i motsetnad til den gamle driftsforma der ein pinte ut jorda på ørsmå, ugjødsla jordlappar.

Første ordføraren

Dahl vart den første ordføraren i Gulen - dåverande Evenvig prestegjeld. I 1839 fekk Dahl kommunestyret med på eit pålegg om at bønder som var forlovarar til menn utan fast arbeid, skulle plikte seg til å skaffe vedkomande ein husmannsplass i utmarka som han kunne rydde og busetje seg på med familien.

Moderne prestegard

På prestegarden i Eivindvik tok Dahl i bruk moderne jordbruksmetodar: Han la lange grøfter og steinsette kanalar i den vassjuke jorda, køyrde til jord på skrinne rabbar og gjorde forsøk med nye planteslag. Han bygde eit to kilometer langt steingjerde kring den dyrka marka for å halde krøtera ute. Dette steingjerdet kan ein sjå i Eivindvik den dag i dag.
Eivindvik prestegard i 1890. (Foto © Fylkesarkivet)

Diktet 'Eivindvig' av Henrik Wergeland

Det var såleis ikkje å undrast at Henrik Wergeland kalla Dahl for "Eivindvigens anden Skaber" då han vitja prestegarden i 1832. I hyllingsdiktet omtalar Wergeland prosten som ein mann som kunne skape "Brød af Steen og Aand af Striler".

Omtykt mann

Alstrup Dahl var ein svært omtykt mann i Gulen. Eit prov på dette var at sonen til klokkar Anders Furnæs vart kalla opp att etter presten, og heitte Niels Alstrup (1820-1906). Denne mannen utdanna seg også til prest i 1850.

Stor prestegard

Gulen kyrkje i 1890. (Foto © Fylkesarkivet)
På prestegarden budde det i Dahl si tid 36 personar. Med ein husmannsplass som høyrde med, hadde prestegarden i 1848 90 kyr, 245 sauer, 105 geiter og 5 hestar.
I 1819 fekk Dahl bygt den staselege prestegarden like ved kyrkja i Eivindvik. Dette huset vert kalla "Herresalen", vart lenge nytta som kommunehus, og tener i dag som bibliotek for Gulen.

Herresalen i Eivindvik i 1890. (Foto © Fylkesarkivet)

Frå sjøen bygde Dahl Prestekaia og derfrå ei forseggjort steintrapp opp mot kyrkja. I Fonnevika på den andre sida av sundet, fekk Dahl også bygt eit slags "typehus" for korleis han meinte at bøndene burde byggje husa sine. Dette huset står framleis og vart m.a. brukt som det første faste skulehuset i ytre Sogn frå 1820 til 1835. Då det vart bygt skulehus på Undertun i 1835, vert det sagt at Dahl kosta huset for eigne midlar. Han fekk også innført fastskule både på Byrknesøy og i Husøy og Brekke kyrkjesokn. Sjølv dreiv han privatundervisning av folk som skulle bli lærarar i dei nye fastskulane.

Jordmor og koppevaksinering

I 1827 syrgde Dahl for at gjestgjevarkona på Sygnefest, Ingeborg Marianne Svabø vart utdanna i Oslo og tilsett som første jordmora i ytre Sogn. Prosten hadde sjølv gode kunnskapar om medisin og lekjeråder, og folk kom langveges ifrå for å søkje hjelp. Som ein av dei første i landet, sette Dahl i gang koppevaksinering i heile ytre Sogn. Truleg var dette den første systematiske vaksinasjonen av store folkegrupper i heile Noreg. Ingen fekk konfirmere seg utan å leggje fram attest på at dei var vaksinerte mot koppar.

Kjøpte skjenkestadene

For å kome brennevinshandelen og det tunge alkoholmisbruket til livs, kjøpte prost Dahl like godt opp skjenkestadane Sjøstuen i Brekke i 1827 og Skjerjehamn i 1840! Gjestgjevaren fekk i Skjerjehamn aller nådigst kjøpe staden tilbake i 1847 mot å love prosten at at skulle slutte å skjenkje Gulen-bøndene fulle på brennevin. Berre folk på gjennomreise fekk svinge begeret i Skjerjehamn!

Vegbyggjar

Han fekk også bygt veg frå Austgulen over Takledalen til Brekke, og knytte såleis bygdene kring Gulenfjorden saman med bygdene på Sognefjord-sida.
Då prosten døydde hadde han teke på seg så mange personlege investeringar kringom i kommunen at buet var insolvent.

Skreiv om Gulatinget

Niels Griis Alstrup Dahl vart i 1829 medlem av Det kongelege norske Viderskabers Selskab i Trondheim, og publiserte i deira tidsskrift ei avhandling "Om beliggenheden af det gamle Gaulom" (Gulatinget) og seinare ei avhandling med tittelen "Hvor blev Gulathingsloven given og hvor haar Gulathing staaet?". Han samla eller eit stort materiale om prestehistoria i Bergens Stift. Dette vart seinare redigert og gjeve ut av andre.

Møtte på Stortinget

(Foto: NRK)
Niels Griis Alstrup Dahl møtte på det omframe Stortinget hausten 1814. Her var Dahl ein av dei fem representantane som røysta imot union med Sverige. Dahl møtte seinare på Stortinget i 1827, 1828 og 1830. Dahl vart valt til første ordførar i Gulen i 1837 og sat til 1848. Han vart også den første "fylkesordføraren" i Sogn og Fjordane: Då utsendingar frå alle kommunane møttest til det første amtstinget på Tross i Fjaler i 1838, vart Dahl valt til "oppmann", som det heitte den gongen. Sjå: Første fylkestinget på Tross.

Dahl vart tildelt Borgardådsmedaljen i sølv i 1825.
Minnestøtte over Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik, laga av Elisabeth Steen. Foto: Øyvind Botn

MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no