Ved krigsutbrotet i 1940 vart det svenske skipet "Balboa" bomba i Framfjorden av tyske fly. Flya sleppte ved første åtaket to bomber som fall i utmarka på Flæte. I siste runden fall to bomber i sjøen, og skipet vart ikkje råka. Ein norsk marinebåt som låg i Framfjorden, skaut mot flyet utan å skade det.
Ved krigsutbrotet kom ein mineutleggjar til Vangsnes. Med hjelp frå bygdefolket vart det rigga til eit kanonbatteri like ved Fridtjof-statua. Folk var redde, og flytta unna kaia der båten låg. Kanona vart demontert etter nokre dagar.
På grunn av tyskarane si framrykking over Voss, fekk folk på sørsida av Sognefjorden ordre om å flytte båtar nord om fjorden, eller søkkje dei for at fienden ikkje skulle kunne nytte dei. Såleis vart motorbåten "Jarl" i Fresvik søkkt, og robåtar rodde til nordsida.
På Ligtvor, som har vid utsikt overt Sognefjorden, vart det i 1939 bygd ein norsk luftvarslingspost med eit mannskap på fem mann. Vaktposten var under norsk kommando til 1. mai 1940. Då overtok tyskarane for resten av krigstida. Vaktmannskapet på Ligtvor talde 8-10 mann. Her var det vakttårn, tre hytter og skyttargraver mellom husa.
Mobilisert for tredje gong i 1940
Johan O. Hove (1882–1953) frå Vik har ein sjeldsynt ”rekord” å vise til: Han var utdanna på underoffiserskulen og vart for første gong mobilisert i dei spanande dagane kring unionsoppløysinga i 1905 og send til svenskegrensa. I 1914 vart han på nytt mobilisert til såkalla nøytralitetsvakt. Siste gong Johan O. Hove vart mobilisert, var den 9. april i 1940. I ein alder av 58 år vart han mobilisert som reservebefal. Han møtte på Voss, men kom ikkje i kamp.
Mange nazistar i Vik
|
Symbolet til Nasjonal Samling. |
Ingen kommunar i Sogn og Fjordane hadde så mange nazistar som Vik under 2. verdskrig. I Vik var det 41 personar innmelde i Quislings parti Nasjonal Samling. Lokalkjende meiner at seks av desse var innflyttarar til bygda. Her som elles i fylket, kom svært mange medlemer frå nokre få familiar. I august 1942 heldt Nasjonal Samling krinsstemne i Vik med parade og tale av propagandaminister
Gulbrand Lunde.
To nazi-ministrar frå Vik
To av Vidkun Quisling sine ministrar hadde begge nær tilknyting til Vik: Propagandaminister
Gulbrand Lunde og justisminister
Sverre Riisnæs. Riisnæs var son av ein advokat frå Nordhordaland som slo seg ned i Vik, der
Sverre Riisnæs voks opp. Gulbrand Lunde hadde gjennom slektskap i ei offsiersfamilie nær tilknyting til "Tillisch-garden" på Vange, og då han og kona omkom ved ei bilulukke i Romsdal i 1942, vart paret gravlagde ved Hopperstad stavkyrkje.
I 1945 vart m.a. dei forhatte Gestapo-leiarane Helmut Klötzer, Georg Esswein og Ernst Hofmeier sette i forvaring i Vik hjelpefengsel. Dei hadde gjort seg skuldige i tortur og andre brotsverk medan dei leia Gestapo-avdelinga som var stasjonert i Høyanger - sjå
Gestapo i Sogn og Fjordane.
|
Gulbrand Lunde talar på NS-stemne i Vik i 1942. |
AT-leiren i Vik
Frå 1934 og under 2. verdskrig dreiv dei norske nazistane, Nasjonal Samling, såkalla Arbeidsteneste (AT) for ungdom. Under krigen vart ungdomen tvangsinnkalla til å utføre ulikt "pionér"-arbeid - m.a. vegbygging, skogplanting og nydyrking. Dei som var innom, minnest framleis den militære linjeeksersisen med ein blankpussa spade i staden for gevær.
Det spreidde seg rykte om at AT-leirane skulle vere ein forpost før norsk ungdom vart sendt til Austfronten som soldatar. Difor var det svært mange som rømde landet til Shetland og Sverige for å sleppe unna den forhatte arbeidstenesta.
I Sogn Fjordane var det fem AT-leiarar: I Vik, Hermansverk, Eid, Bremanger og Aurland. Den på Leikanger var den største (sjå:
Krigshistoria i Leikanger).
Den første AT-leiren i Vik kom i 1943, då unge kvinner frå Bergens-området brukte ungdomshuset Vikjahalli som kvarter og gjorde teneste på gardane i bygda.
Den andre leiren i Vik sommaren 1944 var for unge menn. Den var sett opp med to tropper, og Vik kommune stilte
Hopstock Hotell, Vikjahalli og Frelsesarmeen sitt forsamlingshus vederlagsfritt som kvarter for AT-styrken, som m.a. bygde 750 meter gardsveg frå Tenold til Stadheim.
Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".
Våpenlager i Hovsåsen
Under heile krigen låg det eit større norsk våpenlager i Hovsåsen. Våpna var først samla i ungdomshuset Vikjahalli, og vart organisert av brørne Anders og Einar Holstad i 1939. Då Noreg vart overfalle i april 1940, vart våpna flytta til ein heller i Hovsåsen. Gestapo leita etter dette våpenlageret også under rassiaen i 1943 (sjå nedanfor), men fann det ikkje.
Arrestasjonar 1943
I januar 1943 slo Gestapo til i Vik og arresterte åtte menn, mellom desse distriktslege Peter Frimann Koren og sokneprest Hallvard Søvde. Det var ei tenestejente hjå distriktslegen som hadde fortalt nazistane at husbonden hadde våpen. Ved razzia fann Gestapo eit par gevær og ei uniform, og seinare nokre illegale aviser. Sokneprest Søvde, som hadde kjennskap til norske Shetlands-fararar, sat i tysk KZ-leir til freden. Dei andre fekk mildare straffer.
|
Sokneprest Halvard Søvde kjem heim til Vik etter krigen. Til høgre kona Kristina som døydde to månader seinare. Foto: O. P. Fosse |
Krigshelten som vart avretta
Sjå også historia om krigshelten
Christian Fredrik Fasting Aall, som vart avretta i 1943.