|
(Alle foto: Terje Dahle, NRK) |
På Vangsnes står kolossalstatuen av saga-kongen Fridtjof den frøkne. Den er 10,5 meter høg, og på 12 meter høg sokkel strekkjer den seg 22,5 meter til vers.
Statuen er lett synleg der den står i himmelsjå ute på Vangsnes - det som tidlegare heitte Framnes og m.a.- gav namn til den første "fylkesbaaten".
Kong Fridtjof var etter segna son av Torstein Vikingson som budde på Vangsnes, og det islandske sagaskriftet frå 1300-talet la i 1820 grunnlaget for Esaias Tegnérs romansuksess "Fridtjofs Saga".
Ein av dei som las boka og let seg begeistre, var keisar Wilhelm II av Tyskland, som i 1913 fekk kosta og reist Fridtjofstatuen. Statuen er forma av den tyske kunstprofessoren Max Unger, vart frakta til Vangsnes i 15 delar og reist av 100 tyske marinesoldatar. Både etter 1. og 2. verdskrig var det på tale å rive statuen, men den fekk likevel stå.
Ville ha hotell
I samband med avdukinga av Fridtjof-statuen i 1913, arbeidde arkitekt Sigurd Lunde frå Bergen aktivt for å få reist eit stort turisthotell på Vangsnes. Hotellet skulle ha innpå 200 senger og vere basert på heilårsdrift. Lunde hadde også store planar om eit hotell i Vik, men ingen av hotella vart noko av.
Gravhaugar på Vangsnes
På Vangsnes ligg det fleire gravhaugar. Ein av dei skal etter segna vere haugen til Torstein Vikingson. I ein gravhaug i Brennehagen er det m.a. funne restar av sverd, og smykkesteinar.
Tusenårsstad og CD
Arne Inge Sæbø har skrive eit hefte om Fridtjof og om gjevaren keisar Wilhelm II, og "Fridtjovssoga" i ord og musikk er spela inn på CD av "Fridtjofteatret" i Vik.
Fridtjofstatuen er Vik kommune sin 1000-årsstad.