SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Balestrand:

Segna om Fridtjof

Tittelbladet.
Tittelbladet.
Fridtjofs Saga tek utgangspunkt i eit islandsk sagaskrift frå 1300-talet, og fortel om Fridtjof den frøkne (den djerve) som ville gifte seg med Ingebjørg, dotter til småkongen Bele.

Publisert 31.05.2002 14:00. Oppdatert 25.01.2007 11:31.
Kong Bele budde i Balderslund og var småkonge over Sygnafylket. Fridtjof skulle vere son til hersen Torstein Vikingson, som visstnok var busett på Vangsnes.

Fridtjof og Ingebjørg

Første side i "Fridtjofs Saga".
Både Fridtjof og Ingebjørg var fostra opp hos storbonden Hilding lengre inne i Sogn.
No ville Fridtjof gifte seg med Ingebjørg. Men brørne hennar, Helge og Halvdan, ville ha systera ekta til den mektige kong Ring på Ringerike. Han hadde kravd råderett over store delar av Sogn, og det var m.a. for å unngå krig mot kong Ring at Helge og Halvdan lova bort systera Ingebjørg til Ringeriks-kongen.

Lurt på vikingferd

Dei to brørne greidde å lure Fridtjof avgarde på vikingferd til Orknøyane under påskot av at han skulle krevje inn skattar der borte. Då Fridtjof reiste, rekna Helge og Halvdan med at dei var kvitt han, og brende og rana garden hans på Vangsnes. Systera Ingebjørg vart så tvangsgifta med den mykje eldre kong Ring, og busette seg med han på Ringerike.

Fridtjof brenner ned Bale-garden

Då Fridtjof den frøkne kom tilbake og såg kva som hadde hendt med garden og Ingebjørg, hemna han seg med å brenne kongsgarden og gudehovet i Balestrand. Men før han tende på, berga han med seg trulovingsringen som han ein gong hadde gjeve Ingebjørg. No var det kona til den svikefulle Helge som hadde tuska til seg denne ringen. Etter hemnbrannen vart Fridtjof lyst fredlaus . Han reiste på ny vikingferd og samla seg store rikdomar i utlandet.
Tre år etter utferda, kom han til kong Ring på Ringerike, utkledd som ein gamal mann. Han ville sjå att gamlekjærasten Ingebjørg.

Fridtjof og Ingebjørg får kvarandre

Fridtjof vart godt motteken av kong Ring. Etter ein vinter på Ringerike, ville Fridtjof leggje ut på ny vikingferd. Han gav på ny trulovingsringen til Ingebjørg og baud henne å bere den all sin dag. Men den gamle kong Ring ville ikkje la Fridtjof reise, og lova han m.a. at han skulle få overta Ingebjørg som kone når han sjølv fall ifrå. Kong Ring døydde like etter, og Fridtjof vart jarl av Ringerike. Han gifta seg med Ingebjørg og styrde det vesle kongeriket til sønene til kong Ring vart vaksne nok til å ta over.
Fridtjof og Ingebjørg. Teikning av A. Malmstrøm

Fridtjof vert Sogna-konge

Men brørne til Ingebjørg, Helge og Halvdan, mislikte framleis Fridtjof, og gjekk til krig.
I slaget drap Fridtjof den frøkne sjølv svogeren, kong Helge, medan Halvdan bad tynt for seg og fekk leve. Fridtjof vart no konge over Sogn, og la seinare også Horda-fylket under seg.

Sjå også:
· Esaias Tegnér og Fridtjofs Saga
· Fridtjof-segna og kunstnarane
· Baldersteinen - størst i landet


MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no