SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Vik:

Dei første gjestgjevar- og handelsstadane i Vik

Frå gamalt av var det livleg handel mellom kyst- og innlandsbygder i Vik: Folk frå Voss - særleg frå Myrkdalen på Vossestrand og Jordalen - handla salt, fisk og sild i Vik.

Publisert 25.07.2002 12:06. Oppdatert 27.01.2003 11:18.
Den første registreringa av handelsmenn i Vik er frå 1659. Då er det nemnt to handelsborgarar i bygda; Jon Robertsen frå Kirkwall på Orknøyane og Jens Rasmusson frå Holstein. Begge dreiv handel i Vik i omlag 10 år.

Den første gjestgjevaren i Vik var Per Klokkar i 1659. Gjestgjevarløyvet vart frå 1725 disponert av ein annan klokkar, den danskætta Mads Hansen Sæby (1640-1734), og fylgde hans slekt i fleire generasjonar. Slekta skifta namn frå Sæby til Sæbø. Dei hadde også handelsløyve.

I 1812 overtok den første bondeguten frå Vik, Nils Olson Åse, som handelsmann og gjestgjevar i Vik. Han tok etternamnet Sæbø og var inngift i dei velståande Daae og Tuchsen-slektene, som hadde store jordeigedomar i Vik, og det var kona Christine Marie Tuchsen som styrde både handel og gjestgiveri.

Sonen Ola Nilson Sæbø selde i 1833 handelen og gjestgiveriet til bergensaren Jens Boalth Wallentinsen. Han hadde gard på Hove med eit staseleg bustadhus der det var utanlandske bilettapetar på veggane. Dette huset vart i 1890 selt og flytta til Vange, der det vart gjenreist i enklare stil, og tapeta gjekk tapt. Det var i ein bakaromn i Jens Boalth Wallentinsen sin butikk at storbrannen som gjorde 333 vikjer huslause i 1838, starta (sjå "Ulukker i Vik"). Wallentinsen hadde teke til å byggje opp att gjestgjevargarden som eit hotell, men bestemte seg i 1847 for å flytte tilbake til Bergen. Han selde det halvferdige hotellet til svogeren Ole Andreas Hopstock frå Risør - og resten av historia finn du under Hopstock Hotell.

Vangsnes

På Vangsnes har det vore kremmarleie og gjestgiveri frå 1600-talet. Dei første handlande på Vangsnes var borgarar med handelsbrev frå Bergen.
Den første offentlege gjestgjevaren, Johannes Markussen, kom i 1733, og ei gamal stove og eit toetasjes hus frå tidleg 1800-tal står framleis. I 1841 fekk Lasse L. Vangsnes handelsløyve, og var i tillegg skysskaffar, dampskipsekspeditør og postopnar.

Feios

I Osen i Feios var det gjestgiveri og kremmarleie heilt frå 1678, då Kristoffer Simonsen Guddal er komen på plass. Bernt Nagel og seinare Dominikus Nagel frå Kroken i Luster var formelle eigarar der den første tida. Dei stamma frå same slekta som dei mektige futane på Svanøy-godset.
I 1753 fekk Palne Endreson Henjum gjestgjevarløyve. Hans slekt endra namn til Osen, og dreiv handel og gjestgiveri fram til 1870, då Anders M. Eithun tok over. I 1875 vart Christen I. Offerdal eigar.
Langs stranda i Osen budde det i 1801 11 huslydar med tilsaman 40 menneske.
I Osen stod også ei vassag frå 1600-talet.

Fresvik

I Fresvik har det truleg vore gjestgiveri sidan 1600-talet. I 1836 fekk godseigar Wollert Krohn Hille (sjå Fresvik-godset) handelsløyve. Ole Davidsen Skjervheim tok over i 1859, etter at han m.a. hadde vore veginspektør i Sogn og eigd garden Fretheim i Arnafjord. Han utvandra til Amerika i 1868.

Arnafjord

I Arnafjord kom den første handelsmannen kring 1820-1830. Han heitte Tollak Walsvig, men omfanget på handelen er uklårt. Den første med handelsbrev i Arnafjord var Hallvard Knutsen Odlene som dreiv landhandel i eit naust frå 1872 til 1883.
I 1885 starta Hermund Johannessen Næse handel på Nese, men dreiv berre eit par år der før han i 1888 prøvde med ny handel i Valsvik. Heller ikkje det gjekk, for året etter emigrerte han til Amerika.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no