Også folk frå Guddal i Fjaler nytta Osen som utskipingshamn og bygde sjøbuer her. Dei henta også vintersilda si denne vegen tilbake til Guddal over den gamle poststien langs Steinsetvatnet (sjå "
Samferdsle i Gaular").
Kremmarsete frå 1630
Osen var kremmarsete med handel frå 1630. Dette året er det nemnt tre kremmarar i Osen. I tillegg var det ein borgar som dreiv skjenkestove. Ein av desse var bergensaren Rasmus Rasmusson Boe, som i 1737 fekk løyve til å drive handel og gjestgiveri i Osen. Han kjøpte også mange gardar elles i distriktet då
Svanøy-godset vart delt og seld på auksjon i 1726. Kring 1800 budde det 65 personar i Osen, og berre 14 av dei hadde tilhald på sjølve hovudbruket.
I 1844 fekk Ludvig Rennord handelsprivilieum i Osen. I 1858 starta også Reinhard Sivertsen landhandel i Osen, men flytta i 1866 til Førde og bygde der m.a.
Sivertsens Hotell i Førde. Kornelius Eikeland tok over forretninga i Osen. Etter ein lang periode utan handel i Osen, starta Mathias Øvrebø (sjå næring) opp att i 1936.
Bygdesenteret blir flytta
Då Fylkesbaatane tok til å trafikkere i fylket frå 1858, var elveøyra for grunn til at skipa kunne gå inn til Osen. Damskipskaia vart difor bygd på Sveen lengre vest, seinare Kviteneset, og Osen tapte posisjonen som bygdesenter.
|
Osfossen og Osen gard. (Foto: Arild Nybø, NRK) |