|
Posten i Viksdalen. |
Ein av dei viktigaste driftevegane mellom Fjordane og Sogn gjekk gjennom Sværeskaret på Gaularfjellet.
Postvegane
Det norske postvesenet vart organisert med faste postruter frå 1647. Den første postruta mellom Bergen og Trondheim gjekk på 1600-talet frå Leirvik (Hyllestad), gjennom Lavikdalen til Guddalen (Fjaler), og vidare gjennom Stensetdalen til Sygna i Gaular. Derfrå vidare nordover forbi Førde.
Den Trondhjemske Postvei vart bygd gjennom fylket i 1795 - mykje av vegen som brukande køyreveg.
Sørover til Sognefjorden mot Vadheim kom det skikkeleg køyreveg i 1837. Den avløyste det som vert kalla "køyrande veg" frå ca. 1790-talet.
Europaveg 39 er hovudvegen på Vestlandet, og vann kampen som ein gong i tida stod med riksveg 13 over Voss-Vik om å verte stamveg i landsdelen.
Vegen gjennom Råheimsdalen
vart bygd kring 1860. Den vart forlenga fram til Rørvik ved Haukedalsvatnet på 1920-talet.
Eldalsosen-Mjell
I 1857 vart det vedteke å byggje veg Eldalsosen-Mjell. Men i 1862, då vegen var komen til Lyngstad, var det stopp. Kommunen ville ikkje løyve meir pengar. Folk i øvre Eldalen som hadde ytt pliktarbeid på anlegget, kjende seg svikne. Først etter at fylkesmannen la seg bort i saka og fekk løyvd pengar, vart vegen fullførd til Hov i 1876.
- og vegen Vassenden-Vika med varefrakt opp dalen i motorbåten "Viksdølen".
|
Tønnetransport i Gaular. Foto: O. Fauske |
Vegen Bygstad-Viksdalsvatnet
I 1867 prioriterte fylkestinget vegen Osen-Viksdalsvatnet på førsteplass, og kommunen skulle yte ein fjerdepart av kostnaden. Både denne og vegen rundt den stupbratte Saltkjel-hammaren mellom Osen og Bygstad var ferdig i 1884. Med denne strekninga vart det samanhengande veg frå Bygstad til Mjell i øvste Eldalen.
|
Riksveg 57 i Saltkjelen mellom Bygstad og Osen i 1995. Foto: Finn B. Førsund |
Årleg vart det ført mellom 600 og 1000 hestar og bufe over Gaularfjellet til Sværefjorden i Sogn. I 1847 gjorde difor ordføraren i Sogndal framlegg om at ein burde få vurdert å byggje veg over fjellet. I 1937 var vegen klar til bruk.
Nordsidebygdene
ved Dalsfjorden frå Laukeland til og med Kleppe fekk ikkje veg før vegen over Kleppeåsen var ferdig i 1952. (Desse bygdene høyrde fram til 1990 til Fjaler kommune).
|
Osen bru. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Veganlegget Osen-Dale
vart starta i 1937, men vegen vart ikkje opna før i 1958.
Gardane på Roska
nord for Viksdalsvatnet var av dei siste som fekk vegutløysing. Dette skjedde i 1939. Fram til då var båt på vatnet einaste samband. Om vinteren gjekk folket på isen. Fleire gonger hende det alvorlege ulukker, m.a. i 1894, då to skulejenter og bestefar til eine jenta gjekk gjennom isen og drukna. Nabogarden lengre vest ved Viksdalsvatnet fekk ikkje veg før i 1960.
Garden Fleten vest for Bjørvikstranda måtte fram til den fekk vegutløysing i 1969 nytte taubane til gards.
|
Osen bru etter uhellet i 1959. (Foto © Fylkesarkivet) |
Osen-brua vart sprengd
Under utviding ved Osen bru i 1959 gjekk det gale med eit mineskot. Brua vart øydelagt og ramla i elva. Fram til ei provisorisk bru var på plass, måtte m.a. skuleborna frå sørsida roast i båt over Gaula. Ny permanent bru kom ikkje på plass før i 1964.
Bruplanar over Svesundet
Frå tid til anna har det dukka opp planar om bru over Svesundet ved Bygstad. Med ei slik bru slepp ein omvegen om Osen dersom ein skal reise mellom Dale og Bygstad. I 1938 vart det sterkaste brukravet fremja frå eit folkemøte med 300 frammøtte. På 1990-talet har bruplanen kome opp på nytt.
Vegen Solås-Guddal
i Fjaler kommune vart opna i 2006, og er 9,2 kilometer lang.
Tidleg på 1900-talet vart det planlagt jernbane mellom Vadheim og Sandane. I Gaular var det m.a. aktuelt å leggje sidespor frå hovudlina ved Sande og ned til Bygstad.
Første bilen i Sunnfjord?
Alf Harlem var distriktslege i Gaular frå 1903 til 1907. I 1904 kjøpte han bil frå Tyskland. Dette er truleg den andre bilen som vart kjøpt til Sogn og Fjordane. Den første kom til Breim i 1903, då
Gabriel L. Bjørnereim kjøpte seg bil.
- første private lastebiltransporten i Sogn og Fjordane.
Gaular Bilselskap
vart skipa i 1920 etter opptak frå Gaular kommune, og dreiv varetransport med ein lastebil i dalen. Dette selskapet fekk kort levetid: I 1921 gjekk det inn i det nyskipa Firda Billag.
Per A. Øren
i Høyanger (sjå "
Forretningsfamilien Øren") starta like etter krigen kombinert mjølkerute og passasjerrute Høyanger-Vadheim-Viksdalen.
Firda Billag tok over ruta tidleg på 1970-talet.
- hamner, stoggestader og ferjeplassar.
Flyplassen i Førde vart bygd på Øyrane i Førde i 1971. Men småflyplassen låg trangt til. Etter at fleire alternativ var vurderte, fall valet på Bringeland i Gaular då det skulle byggjast ny flyplass i indre Sunnfjord.
Buss og fly
I dag har Gaular kommune m. a. fleire daglege samband med ekspressbussar mot Bergen og Trondheim, og fleire daglege flysamband mot Bergen og Sogndal-Oslo.
Sveen i Bygstad fekk postkontor så tidleg som i 1787.
Langeland, Viksdalen og Bygstad fekk rikstelefonstasjonar i 1902. Sande fekk først eigen rikstelefonstasjon i 1908.