I mellomkrigstida vart det i tillegg til dei småkraftverka som er nemnde i "
Fleire småkraftverk langs vassdraget", også bygd eit grendekraftverk ved Njøsfossen, og i krigsåra eitt i Kvamselva i Bygstad, og eit i Selselva i Bygstad.
Men trass i storfelte planar for
Gaularvassdraget kring 1920, kom ikkje den organsierte elektrifiseringa av Gaular i gang før etter 2. verdskrig.
L/L Gaular Kraftlag vart skipa i 1939, men arbeidet låg nede under krigen. Frå 1947 starta linjearbeidet. Bygstad og Sande fekk forsyning i 1947-1948. Viksdalen fekk kraftforsyning i 1953-1954. Nokre gardar mot Vadheim vart knytte til linenettet først i 1958.
Oppover Eldalsdalen hadde eindel grender hatt forsyning frå små kraftverk, men full dekning gjennom heile dalføret kom ikkje før i 1962.
Gaular Kraftlag vart slege saman med Sunnfjord Energi (sjå
Førde kommunale kraftverk) i 1992.