|
Tendens Hotell på Faleide var det første turisthotellet i Nordfjord. |
På Faleide kjøpte han først ein landhandel som hadde vore driven frå 1858. Faleide var på den tid endestopp for Amtsbaatane på Nordfjord-ruta, og låg ved
Den Trondhjemske Postvei i Stryn, som sidan 1795 hadde kryssa fjorden her. (Sjå: "
Bygdesenteret Faleide".)
|
Olai Tenden. |
Olai Tenden bygde første hotellet i 1872, og nytt hotell med 55 senger i 1884. I den første turisttida gjekk turistane i land frå Amtsbåtane på Faleide, og vart skyssa i lokalbåten ”Faleide” inn til Loen og Olden, der bøndene tidleg danna skysslag som frakta utlendingane opp til Lodalen og Briksdalen. Men då Strynefjellsvegen var ferdig i 1894, og Visnes i Stryn fekk dampskipskai, kom Faleide lenger ute ved fjorden i bakleksa.
Central Hotell vert bygt
|
Hotellet vart bygt i sveitsarstil. |
Olai Tenden kjøpte difor i 1891 lensmannshuset ved kaia på Visnes, og i 1896 stod det storslagne Central Hotell med sveitsarstil og drakehovud ferdig. Byggmeister var Knut Maurset, og truleg var det bygningsingeniøren
Lars Nilsson Sølvberg frå Utvik som hadde teikna bygget. Like ved låg frå før
Visnes Hotell.
Etter nokre år overlet Olai Tenden drifta av Central Hotell til sonen
Peter Tenden. Sjølv drog han tilbake til Faleide og dreiv hotellet der til han selde i 1906.
Visnes i bakleksa
Men det gjekk ikkje mange år før også Visnes kom i bakleksa. Då vegen frå Stryn til Loen kom i 1906 og vidare til Olden i 1909, stoppa ikkje turistane lenge på Visnes, men reiste direkte inn til hotella i Loen og Olden. Dette vart forsterka av den aukande turistskipstrafikken –kalla ”flytande hotell”, som starta i 1896 med skipet ”Midnight Sun” og ”Argonauth”.
Tap for Central Hotell
Central Hotell vart eit tapsprosjekt for Olai Tenden (d. 1908) og sonen Peter Tenden. Frå 1914 hadde han leigd ut annekset til fylket som husmorskule, og i 1916 gav han seg med hotelldrifta og selde husa.
|
Ekteparet Walston restaurerte hotellet. |
Etter at husmorskulen flytta til nye lokale på 1960-talet, stod Central Hotell lenge til nedfalls, og kommunen vedtok riving. Men på 1980-talet overtok ekteparet Møyfrid og Michael Walston bygningen og restaurerte den til fordums prakt.
I 2000 kjøpte eigaren av nabohotellet Visnes Hotell det gamle Central Hotell, og har sidan freista å drive begge dei to historiske hotella som hotell og selskapslokale.
|
Hotell Central er framleis ein staseleg bygning. (Foto: Terje Dahle, NRK) |