|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Solund: Utvær - kyrkjestad, fiskevær og losstasjon | (Alle foto: Steinar Lote, NRK) |
Utvær ligg omlag 8 kilometer vest for dei ytste større øyane i Sula, og er den vestlegaste øygruppa i Noreg med fast busetnad. Publisert 12.03.2002 11:34. Oppdatert 12.08.2002 10:04.LYD OG VIDEO
| Utvær har ei lun hamn. |
I middelalderen låg det eit lite kapell på øyane, vigd til St. Clemens, sjøfarande sin skytshelgen. Ved kyrkja var det ein liten gravplass.
Tidleg på 1600-talet hadde bergensborgaren Michel Jacobsen tilsynet med kongen sine eigedomar i Utvær skipreide, og dreiv også krambu og fiskehandel.
I 1790 vert det nemnt at Nicolaysen har starta handel på Utvær, og det vart registrert "60 rykande piper". Ved sida av fiske, var det mange på Utvær som livnærte seg som losar.
| Om sommaren er det folk i storparten av husa på Utvær. |
Fiskeværet Utvær låg midt i smørauget for dei rike sildefiska på 1800-talet, og på det meste budde mellom 200 og 300 menneske i det vesle øysamfunnet. Omlegging av fiskeria gjorde etter kvart Utvær til ein einbølt plass. Folket flytta, og i 1958 budde berre to familiar att. Fiskeværet var avfolka i mange år, men 2001 flytta Hans Utvær dit for å bu fast og drive fiske.
Om sommaren fyller feriefolk husa, og det er liv og røre som i gamle dagar.
SE OGSÅ
Siste saker:
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|