SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Flora:

Sildoljefabrikkane

I 1947 låg båtane i kø utanpå kvarandre for å få levert til sildoljefabrikkane.
I 1947 låg båtane i kø utanpå kvarandre for å få levert til sildoljefabrikkane.
Etter initiativ frå ingeniør Hans Andreas Hartner frå Oslo og sildevrakar i Florø, Andreas Trovik, vart den første sildoljefabrikken i Sogn og Fjordane bygd i Florø i 1910, A/S Florø Olje- og Sildemelfabrikk.

Publisert 05.02.2002 12:17. Oppdatert 12.08.2002 09:54.
Lossing av sild i Florø i 1947.
Abraham Haave hadde også ein finger med her. Florø Sildoljefabrikk, som den seinare vart kalla, låg ved Kanalen der symjeanlegget "Havhesten" ligg i dag. Ei dampmaskin sytte for trekkrafta til maskinene. Bergensfirmaet Johan C. Martens kom under 1. verdskrig inn som 50 % eigarar. Abraham Haave og disponenten Gregorius Haus frå Bremanger eigde 25 % kvar.

Etter økonomiske vanskar i 1927, overtok Oslo-firmaet Nordstrand og Kjølberg, men i 1929 vart disponent Gregorius Haus eineeigar. Sonen Kjeld Haus overtok då faren døydde i 1945. I dei store sildeåra på 1950-talet hadde fabrikken 50 mann i arbeid. I 1966 vart fabrikken seld til Jakobsen-familien i Tromsø, og vart nedlagd i 1974. Hans Bie med si verksemd Florø Stål dreiv nokre år i lokala.

I 1911 bygde Johan Larsen Kinn Sildolje-, Kraftfoder- og Guanofabrikk i Årebrot nord for Florø. Larsen hadde tidlegare drive fargeri på Årebrot. Men trass i det omfattande firmanamnet, vart det mindre med fabrikkdrifta. Larsen starta med fiskemjøl, men måtte gje seg før han kom i gang med sildoljeproduksjon. I 1933 kjøpte Bergens-advokaten Brønlund-Iversen eigedomen, men selde i 1939 vidare til Måløy-mannen Johan Gotteberg, som flytta maskinene over til fabrikkane sine i Måløy.

Men litt av maskinene hamna på Barekstad, der Georg Gregoriussen starta ein liten sildoljefabrikk då øya fekk elektrisk straum i 1956. Han hadde bygd stor sjøbu i 1917 og dreiv fiskemottak og trandamperi. Fabrikken vart nedlagd i 1984.

Medan Måløy gradvis gjekk over til andre fiskeslag som pigghå og bankfisk i mellomkrigstida, var Florø framleis "sildebyen". Men mangel på sildeoljefabrikkar gjorde at mykje av silda vart ført sørover til fabrikkar i Hordaland og Rogaland til foredling.

I 1952 bygde Sildefiskernes Fabrikklag stor sildeoljefabrikk i Gunhildvågen. Denne tok imot 80.000 hektoliter i døgnet, og 10 båtar kunne losse samstundes. I toppsesongane på 1950-talet hadde fabrikken 220 personar i arbeid. Då vintersilda tok slutt i 1959, gjekk denne og andre sildoljefabrikkar over på sild og makrell frå Nordsjøen. Anna råstoff var såkalla "skitfisk" (tobis, øyepål) frå Nordsjøen, og lodde frå Barentshavet. Fabrikken i Gunhildvågen vart lagt ned i 1981. Etter 10 år med m.a. mekaniske verkstader i lokala, kjøpte eit finsk selskap anlegget og bygde opp den store Fiskefôrfabrikken EWOS, som har 120 tilsette.

Neste side:
· Fiskarfagskulen i Florø
Førre side:
· Hermetikkfabrikkane
Hovedside:
· Fiskerihistoria i Flora


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no