|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Lærdal: Jernbaneplanar og HemsedalsvegI kappestriden om linevalet for den planlagde jernbanen mellom Oslo og Bergen, mobiliserte sogningane. I 1890 kravde eit folkemøte med 300 sogningar at "stambanen" måtte gå om Lærdal - anten mot Valdres eller over Hemsedalsfjellet. Men i 1894 vann høgfjellslina over Finse. Publisert 14.01.2002 14:39. Oppdatert 11.12.2003 10:39.Idag fylgjer stamvegen Bergen-Oslo temmeleg nøyaktig same line som sogningane i 1890 ville bygge Bergensbanen (Oslo-Bergen)!
Krøderbanen blei bruktDå dampbåt og -lokomotiv kom i bruk i Noreg frå midten av 1800-talet, endra det reisemønsteret aust-vest: På reiser mellom dei to byane kunne ein no nytte Krøderbanen frå Drammen til innsjøen Krøderen og dampbåt opp til Gulsvik i nordenden. Derfrå med hesteskyss opp Hallingdal-Hemsedal og over Hemsedalsfjellet til Lærdal.
HemsedalsvegenDet vart vedteke å bygge køyreveg over Hemsedalsfjellet i 1839, og i 1840 fekk Ivar Olson Berge løyve til å drive fjellstove på Breistølen ovanfor Borgund. Ei tilsvarande fjellstove vart bygd på Bjøberg på Hemsedals-sida. Bergensbanen frå vestsida var fullført fram til Gulsvik ved Krøderen i 1908, medan siste strekket Gulsvik-Hønefoss ikkje var ferdig før i åpningsåret for heile banen - 1909.
Køyrevegen over Hemsedalsfjellet vart utbetra i 1907, men vinterfjellet vart ikkje brøyta før på 1970-talet. For å skaffe sledane køyreveg, nytta ein difor store flokkar tamrein som trakka hard køyreveg i snøen over fjellet!
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|