Kring 1890 tok lensmannsfrua Cathinka Lind (1845-1943) på Ålhus i Jølster opp att den gamle vevteknikken som frå gamalt hadde vore nytta i Jølster – smettveven. Cathinka lærde den gamle vevteknikken av ei gamal kone på garden Strand på sørsida av Jølstravatnet.
Ho arrangerte i mange år kurs for jølstrakvinner som ville lære dei gamle vevteknikkane, og fekk m.a. Kongens fortenestemedalje for innsatsen sin.
Ein av elevane var dotterdottera hennar, Magnhild Helgheim, f. 1910. Då Magnhild kom heim til Jølster i 1933 etter å ha gått Den Kvinnelige Industriskole i Oslo, starta ho eiga vevstove med 5 tilsette. Her vov dei m.a. golvteppe og biletvev i tillegg til dei tradisjonelle åklea. Magnhild dreiv også med kunstvev i samarbeid med Synneve Anker Aurdal.
Mor til Nikolai Astrup, prestefrua Petra Astrup på Ålhus var også med på å bere vevkunsten vidare kring århundreskiftet 1900, og kunstnarsonen Nikolai teikna mange kartongar (mønster) for løparar. M.a. skal det kjende ”tyttebær-mønsteret” vere teikna av Astrup.
I 1947 starta
Audhild Viken eiga vevstove på Skei. Ho fekk 4 tilsette, og vov åkle, løparar, divanteppe, portierer m.m. Viken knytte etterkvart til seg husflidskvinner både i Jølster og andre bygder, og organiserte sal av produkta m.a. gjennom hotell på Vestlandet. Ho sykla sjølv rundt i fylket og selde varene sine dei første åra. På det meste hadde Audhild Viken 200 kvinner i arbeid for seg. Vevstova er seinare teken over av sonen Hallvard Viken, som har bygd verksemda ut med filialar i Bergen, Førde og Geiranger.
Andre føregangskvinner for vevnad i Jølster var Andrea Sandnes (1860-1939), Olina Fossheim (1887–1970) og Kristina Kvammen , f. 1895 og Synneve Wendelbo. Olina Fossheim la dessutan ned eit stort arbeid for at den gamle bygdedrakta for Jølster skulle takast i bruk att.